Nesten ein av tre vil ha vegetarmat i jula

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av tre vil ha eit kjøtfritt alternativ i løpet av juledagane 24.-26. desember.

Opplysningane kjem fram i ei undersøking Norstat har gjort på oppdrag frå Opplysningskontoret for frukt og grønt, fortel NRK.

Har gått for langt

Fleire eldre som kanalen har snakka med, meiner ønsket om kjøtfri jul har gått for langt.

Andre meiner alternative julemenyar er heilt problemfritt.

Det er kvinner og dei mellom 18-25 som i størst grad svarar at dei kunne ete eit måltid eller fleire utan kjøt i jula.

Trur kjøttfri jul blir meir vanleg

Butikksjef Ingvild Winterstø på Coop Obs i Stavanger trur fleire og fleire vil velja vegetarmat i jula, og fortel at salet av veganske pølser er dobla det siste året.

Ho får støtte av Coop-direktør i region Vest, Dag Ove Aksland, som peikar på at det blir stadig større utval av kjøterstatningsprodukt. Han trur difor kjøtfri julemat kjem til å bli meir og meir vanleg.

Kva skal du ete på julaftan?

Kva skal du ete på julaftan?

Middag med kjøt37
Vegetarisk13
Vegansk23
Veit ikkje0
Svar totalt: 73