Søviknes tapte i nye Bjørnafjorden kommune

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Close race, sa Os-ordførar til Bergens Tidende tysdag kveld.

Før valet uttala valekspert i TV 2, Terje Sørensen at det var usikkert om Frp får behalde utstillingsvindauget Os etter valet.

I 2020 slår Fusa og Os seg saman til Bjørnafjorden kommune.

Valresultatet viser at Framstegspartiet fekk 32,1 prosent i den nye storkommunen. Dette er ein tilbakegang på 2,8 prosentpoeng.

Sjølv om Høgre går marginalt fram, opp 0,8 prosentpoeng til 13,5 prosent, får partia 17 av 35 mandat i det nye kommunestyret. Det er eitt mandat unna fleirtal, og partia treng dermed støtte frå eit anna parti for å halde fram.

Les også: No har Os kommune flest nynorskelevar i Noreg

Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H) er fungerande ordførar i Os kommune. Foto: Erlend A. Lorentzen / Os kommune