Årets juleforteljing: Julenisselua


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg var fire år då eg såg han første gong.

Eg og mor mi var på veg til den årlege julehandelen, og han var på andre sida av vegen. Det var noko kjent med han der han sat under eit raudt ullteppe, med langt kvitt skjegg, og ei grå strikkejakke. Han likna på bileta i bøkene mine.

Dette er den einaste gongen eg kan hugse å ha sloppe mamma si hand og sprunge. Eg sprang over gangfeltet og bort til han, med ei hastande mor etter meg og ein tutande bil rett ved sidan av. Så strakk eg ut handa slik eg hadde sett dei vaksne gjere i selskap, og introduserte meg sjølv. Han såg forvirra ut, men strakk ut handa og helste tilbake. Før han rakk å seie namnet sitt, kom mamma og avbrot oss. Ho smilte unnskyldande til han, før ho drog meg med inn på matbutikken.

Den neste gongen eg såg han var eg fem år gammal. Det var juletider igjen, og me skulle innom den same matbutikken for å gjere julehandelen. Eg hadde sett etter mannen kvar gong me var i denne delen av byen, men han var der aldri. Eg såg etter han heile våren, sommaren og hausten, men kom fram til at han sikkert var tilbake på Nordpolen. Ein nisse har jo mykje å gjere heile året, og mamma sa at sjølv julenissen sikkert måtte hjelpe til med oppvasken av og til, og at det sikkert var derfor me ikkje såg han.

Men denne desemberlaurdagen satt han der. Han hadde det same raude pleddet som sist, og den same grå strikkejakka. Skjegget hans var blitt lengre, kinnene var raude av kulden. Denne gongen hadde han ein liten kopp framfor seg, og eit par vottar med mønster på. Eg sneik meg unna mamma igjen, for eg visste at ho kom til å seie nei om eg spurde om å gå bort.

«Eg har vore snill i år, altså. Mamma har lært meg å støvsuge, og eg kan til og med steikje vaflar no! Heilt sjølv.»

Han såg på meg med eit fortumla blikk, men eg trur han skjønte det. Eg har alltid hatt store auge, men dei såg nok enno større ut på eit barnefjes, og det er plass til ganske mykje håp i et par barneauge.

Han spurde meg kva eg ynskja meg til jul. Eg hugsar ikkje heilt kva eg svarte, men eg kan ikkje hugse å ha blitt skuffa heller, så eg fekk nok akkurat det eg ynskja meg. Så sa han at eg kunne setje meg ned om eg ville, og det ville eg jo sjølvsagt. Eg spurde han kva han gjorde her midt i desember, og kvifor han ikkje var på nordpolen. Han sa at han hadde fri. To damer gjekk forbi og slapp pengar ned i koppen hans, og det syntest eg var rart. Eg ville ikkje at han skulle synast at eg spurde alt for mykje, så eg berre smilte og fortalde kor fantastisk eg syntes han var. Han fortalde meg om nissar og alvar heilt til mora mi til slutt fann meg og unnskylde seg atter ein gong, før ho drog meg vidare.

Ein desemberdag det året trur eg ho skjønte, for kva for eit barn masar om å dra på matbutikken? Ho tok meg med ut, og kjøpte eit teppe og fylte ein pose med mat til han. Eg spurde kvifor, og ho svarte at nissen også måtte få gåver av og til, når han alltid gir så mange gåver til andre. Det var eg heilt samd i, så eg kjøpte ein pose mandlar til han, fordi det likte jo eg så godt.

Vipps så var ein tradisjon født. Me besøkte han fleire gonger i desember etter det, kvar laurdag, og eit år inviterte vi han heim til oss på julaftan. Det var jo berre eg og mor det året, og me hadde ikkje noko problem med å mette ein munn til. Mamma tok eit bilete av oss saman, og eg fortalde alle på skulen at eg hadde feira jul med sjølvaste julenissen.

Etter kvart som eg blei eldre, skjønte eg jo at det ikkje eigentleg var julenissen som satt der. Eg og mamma fortsette å besøke han likevel, og me tok med oss gåver. Han pleidde å sitje utanfor matbutikken, fordi det var der det gjekk flest folk i juletida. Han hadde eigentleg ikkje lov til å sitje der, men det var liksom ingen som orka å jage han vekk i desembermånaden.

Uansett kor koseleg det var med dei årlege møta, så såg me jo at kinna hans blei bleikare for kvart år, saman med rynkene som blei fleire og fleire, og auga som  mista litt og litt av varmen. Me snakka aldri om det, men haldt desse minutta, eller timane, kvart år som eit lyspunkt for både han og oss.

Slik har det vore kvart år i ti av dei. Eg fekk meg ein deltidsjobb tidligare i år, og sette av 300 kronar av lønna mi kvar månad, slik at eg kunne kjøpe ei skikkeleg gåve til nissen. For eit par dagar sidan kjøpte eg ein ryggsekk for pengane, og eg fylte den opp med sjokolade, knekkebrød og godt pålegg. På toppen la eg ei nisselue, sånn berre på tull.

Men den laurdagen satt han ikkje der lenger. I staden sat det ein ung fyr der, med mørke sirklar under auga og skjelvande hender. Magen min knytta seg saman, og eg måtte fokusere hardt for å klare å gå bort. Eg spurde han om han hadde sett nissen, og han svarte det eg frykta. Eg tok sekken av skuldra og sa at han kunne få den. Eg trengte den jo ikkje sjølv, det einaste eg ville ha var nisselua. Han takka fint for gåva, og eg ynskja han ei god jul.

Verken eg eller mamma sa noko på den bussturen heim, men det var jo ikkje så mykje å seie. Det begynte å snø, og eg tenkte at det var bra han guten fikk sekken slik at han hadde noko å varme seg på – om det så  berre var hjartevarmen til to tilfeldige damer.

Nisselua sette eg på ein av statuane i parken, utanfor der me budde. Håpet var at ein som trong han kom til å ta han, og om ikkje så fikk han vere til pynt.

«Kanskje julenissen endeleg drog til Nordpolen,» sa mor den kvelden,

«Eg håpar det,» svarte eg.

 

Forfattaren av forteljinga er Linn Isabel Eilsen. Ho er også teikneserieskapar og har i tillegg skrive fleire kronikkar for Framtida. Her kan du sjå meir ho har laga: