Det er på tide å gjere som NSB – rebrande


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Hugsar du då NSB bytte namn til VY?

Grunnen bak rebrandinga var dei negative assosiasjonane til NSB. Dei ville lage eit namn som var eit konsept, noko nytt, moderne og smakfullt. Eg har blitt djupt inspirert, og foreslår no at vi går saman og rebrandar eit anna ord som har fått negative assosiasjonar i dagens samfunn:

Feminisme.

I dag kan ein knapt kalle seg feminist utan å hamne på ei offentleg skotskive. Assosiasjonane går rett til sinte, frustrerte kvinnfolk som har spart armholehår sidan 70-talet, og dette skjønar eg. Det er mykje radikalisme der ute, og feministane blir skore over same, taggete og sinna kam. Eg foreslår derfor at me går saman og rebrandar feminismen.

For å kunne gjere dette på best mogleg måte, har eg laga ei liste over kva som trengst for å rebrande noko.

Det fyrste me treng er då eit namn som fenger. Det er ganske mange logiske val, som for eksempel likestilling, eller kanskje litt spicy: Reformisme. Men dette er ikkje progressivt nok. Her må me tenkje meir moderne. Eg foreslår derfor:

YF.

YF er eit mjukt ord, utan skarpe kantar som kan gjere det ubehageleg. Det er to bokstavar sett saman til eit blankt ark. Her kan me byggje noko nytt, utan å bry oss om forhistoria. Du får òg den lette inngangen, som ein sval bris eller ein lett klem. Yyyyyf.

Det neste me treng er ein fancy logo.

Og så kan me kanskje dytte litt i skrifta, sånn at det synest at me er framtidsretta. Men ikkje for mykje, sjølvsagt. Berre litt.

Men me ynskjer ikkje å gjere skrifta for feminin heller, ettersom YF skal vere for alle. Det er vanskeleg å finne noko kjønnsnøytralt, så eg foreslår at vi berre brukar skrifta til eit barn. Alle barn skriv stygt, uavhengig av kjønn, hudfarge og legning. Ein kollega av meg fekk ungen sin til å skrive, og eg fekk det scanna:

Perfekt.

No må vi ha eit motto, eller ein slags jingle. Og så treng me at nokon som heile Noreg likar seier dette på opptak. Etter ein del roting rundt på kvinneguiden fant eg ut at folk flest likar Kong Harald, Jakob Ingebrigtsen, Hallgeir Kvadsheim, og humorkonge og Donald-forfattar Knut Nærum.

Eg spurde derfor Knut Nærum om å seie dette slagordet, noko han gjekk med på. Fordi han er ein hyggeleg fyr som alle likar.

 

Dette kunne i teorien gått, men det høyrest litt for kampaktig ut. Kanskje me kan byte ut trompetfanfaren med eit piano som speler ein C, ein heilt standard tone? Slagordet blei kanskje også for offensivt. Me vil jo ikkje stå saman, det blir jo propaganda.

Kva om vi sit?

 

Nydeleg. Då trur eg me har det.

Nøytralt, konseptuelt, moderne, og verkeleg for alle og ein kvar: