Samisk reklame når «Jiknon 2» kjem på norske kinoar
Annonsørar som Telia, OBOS og Fabel satsar på samisk språkdrakt når «Frost 2» kjem i samiskdubba versjon som «Jiknon 2» på norske kinoar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den samiske versjonen kjem samtidig med den norskspråklege 25. desember, og vil bli sett opp fleire stader rundt i Noreg, melder Media Direct Noreg, som distribuerer reklame til norske kinoar.
Og den samiskspråklege reklamen blir vist i samband med alle framsyningar av «Jiknon 2».
- På Frost 2-premiere i Hollywood: – Det er ikkje heilt sånn i Karesuando
Historisk
– Dette er historisk – og veldig bra. Dermed blir det ein langt meir heilskapleg samisk kinooppleving. Vi set stor pris på at annonsørane bidrar med reklamebodskap på samisk, seier marknadssjef Christer Solberg i Media Direct Noreg.
Han seier at annonsørar blir stadig meir opptatt av ansvaret sitt som kommersielle aktørar, og hevdar at dette er «eit godt bevis» på det. I ein kommentar seier marknadssjef Ingvild Stubhaug Steg i Telia at dei syntest det var «naturleg å tilpasse reklamen vår til det samiske språk».
– For oss er det viktig å vere så relevant som mogleg for dei vi snakkar til, seier ho.
- Les også intervjuet med dubbing-instruktøren: – Eit bevis på at språket har ein verdi. Det er ikkje berre noko som vert høyrt i eit klasserom

Forfattar og skodespelar Sara Margrethe Oskal har jobba med dubbing i ei årrekkje, men no kan ho leggja Disney-film til på CV-en. Foto: Kenneth Hætta
– Stort
«Jiknon 2» byr på nordsamiske stemmeskodespelarar som Marianne Pentha (Elsa), Mari Boine (Jelena) og Mikkel Gaup (løytnant Mattias).
Allereie 14. desember er det festpremiere for Disney-oppfølgjaren av «Frost»-suksessen på Colosseum i Oslo – men berre for spesielt inviterte gjester. Då vil Disney vise både den norskdubba og den samiskdubba versjonen, og begge skodespelarlaga vil gå den raude løparen – saman med mellom anna sametingspresident Aili Keskitalo.
– At vi får ein samiskspråkleg versjon av «Frost 2» er stort, har ho sagt til NTB.
- Les også intervjuet med Elin Kristina (23), som er stemma til Anna: – Det er ein meir krevjande jobb enn folk trur