Over 2.000 elevar i Hordaland går på skular som ikkje tilset homofile lærarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bergensavisen har gått gjennom verdigrunnlaget for 15 kristne grunnskular og vidaregåande skular.

Ti av skulane skriv at dei ikkje tilset homofile lærarar, tre seier dei gjer det, og to gir uklare svar.

Må signere verdidokument

Sju av skulane blir drivne av Egill Danielsens stiftelse. Der må nytilsette signere eit verdidokument når dei byrjar. I det står det mellom anna:

«Det livslange, monogame ekteskap mellom mann og kvinne er rammen for det seksuelle samliv. Det forventes at alle lever i samsvar med dette.»

– Verdidokumentet fortel om verdigrunnlaget på skulen, slik at vi er opne og tydelege på kva vi trur på, og ut frå det kan møte menneske på ein respektfull måte, seier Asle Ystebø, dagleg leiar i Egill Danielsen stiftelse, til BA.

Danielsen understrekar overfor avisa at elevane ikkje må følgje verdidokumentet.

– Vi får stadig tilbakemeldingar frå elevar, også dei som står i konflikt med verdigrunnlaget vårt, om at dei føler seg godt tatt vare på. Verken våre lokale undersøkingar eller elevundersøkinga til Utdanningsdirektoratet gir indikasjonar på at vi mislykkast med dette, heller ikkje overfor homofile elevar, seier han.