«I år har eg prøvd å fjerne bismaken rundt jul ved å ikkje kjøpe ting»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Snart er det jul igjen. Heimen skal vaskast, julekakene skal bakast og dei mange julegåvene skal kjøpast. Folk surrar stressa rundt i handlegatene og på kjøpesentera for å finne dei rette gåvene til familie og vennar.

Men treng vi eigentleg alle desse julegåvene?

Fleire er nok einige i at ein «treng» ikkje julegåver, men at det er noko hyggeleg, noko ein gjer for å spreie glede. For min del har denne «spreiinga av glede» fått ein aukande bismak.

58 milliardar kroner i julegåver

For det fyrste får eg vondt i magen av å tenke på kor mykje pengar vi brukar på ting vi ikkje treng, når der er menneske som verkeleg kunne ha hatt bruk for desse pengane. Eg er ingen helgen, og gir ikkje akkurat heile lønna mi til ideelle organisasjonar kvar månad. Men det er noko med denne overfloda av både mat og gåver i jula som gjer meg uvel.

Jula har vorte den høgtida der forbrukarsamfunnet viser seg frå si verste side.

Ifølge Virke brukte nordmenn 57 milliardar kroner på julehandelen i fjor, og prognosane for 2019 er at forbruket skal auke med éin milliard.

58 milliardar kroner er utruleg mykje pengar! Tenk på alt ein kunne ha gjort med desse pengane om ein ikkje hadde brukt dei på julemat og dyre gåver. Og som eg håpar alle har fått med seg, så er ikkje forbrukarsamfunnet bra for miljøet.

Gjer du deg flid med innpakkinga kan den vere halve gåva. Finn fram det du har – gamle kart, kryssord, tørka og pressa blomar, tøystykker eller gråpapir du kan pynte.

Etiske julegåver

Likevel er eg heilt sikkert ikkje åleine om å ha vanskar med å kutte ut julegåvetradisjonen. Heldigvis finst det måtar å gi julegåver på som ikkje tærer på samvitet i like stor grad, eller som ein faktisk kan få godt samvit av!

Der finnast mange tips for kva julegåver ein kan kjøpe som er betre for miljøet. Ein kan for eksempel kjøpe brukt, eller produkt som hjelper ein å leve meir miljøvenleg på lengre sikt. Ein kan også kjøpe produkt der pengane går til ei god sak.

Det blir noko anna å kjøpe julegåver når ein veit at dei som har laga produktet er dei som får pengane, og at eventuelle overskot frå produksjonen går til saker ein støttar.

Donasjonsgåver

Eller ein kan donere pengar til nokon som verkeleg treng det. Så godt som alle ideelle organisasjonar har eigne løysingar for slike julegåver. Der er du med på å gjere livet til eit medmenneske betre samstundes som du får eit kort du kan gi vidare til den personen som får dette i julegåve. Kva spreier meir glede enn dette?

I år har eg prøvd å fjerne bismaken rundt jul ved å ikkje kjøpe «ting» i julegåve i det heile (Sorry for spoiler til familie og vennar som eventuelt les dette).

I år gir eg det eg ønskjer å få.

Tid i gåve

Eg ønskjer å bruke meir tid saman med familie og vennar denne jula. Kanskje er det fordi eg har vorte litt eldre, eller kanskje det er fordi eg bur langt borte frå familie og barndomsvennar, men det eg ønskjer meg mest frå dei er at vi brukar tid saman. At vi opplever noko nytt, eller skapar gode minner. Akkurat kva og korleis er ikkje så viktig, men eg vil mykje heller tilbringe kvalitetstid med nokon eg er glad i, i staden for å kjøpe dei eit par nye sko. Derfor er det fleire av mine nærmaste som kjem til å få gåvekort i jula på noko kjekt vi kan gjere saman.

I tillegg til gåvekort kjem eg til å gi pengar til nokon som treng det. Kanskje til dei lokale frivillige som passar på at alle får ei god jul uavhengig av økonomisk kapital, til dei organisasjonane som bergar liv kvar dag, eller til den mannen som sit ved det same gatehjørnet kvar dag året rundt.

Oppgjerets time

Om nokon hadde gjeve meg eit kort der det står at det eg får til jul er kvalitetstid med vedkomande, eller at julegåva mi har gjort livet til nokon andre litt betre, ville eg ha vorte veldig glad! Og eg kan umogleg vere den einaste!

Det er på tide å ta eit oppgjer med det store forbruket våra, også i jula.

Har du noko på hjartet? Send oss meiningsinnlegg eller tips til tips(a)framtida.no!

Frå Venstre: Senterungdommen-leiar Torleik Svelle, FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud, fungerande leiar i Unge Høgre Daniel Skjevik-Aasberg, SU-leiar Andrea Sjalg Unneland og RU-leiar Tobias Drevland Lund. Foto: Mel Poole, Unsplash/Pressefoto/Beate Haugtrø