Hytte til hytte-tur, signert SKAM-manus og opplevingar. Her er ungdomspolitikarane sine beste gåvetips

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nærmar seg jul. For nokon er pakkekøyret avlyst, for andre er det pakka og klart, andre igjen er i full gang, medan nokon endå ikkje har starta.

Me har spurt alle ungdomspartileiarane:

  1. Kva er ditt beste julegåvetips?
  2. Kva er den beste julegåva du har fått?
  3. Kva ynskjer du deg i år?

Leiar i Sosilaistisk Ungdom, Andreas Sjalg Unneland. Foto: Beate Haugtrø

SU-leiaren ønskjer seg Bjørn Eidsvåg-biografi

For leiar i Sosialistisk Ungdom, Andreas Sjalg Unneland, er det få ting som er så frustrerande som å vandra rundt i overfylte butikkar og kjenna på julestresset. Han er difor ein som handlar gåver i relativt god tid.

1: Gje tid eller opplevingar. Bra for folk og klima. Det kan vere billettar til ein konsert eller kino saman med personen. Eller at ein gir eit «gåvekort» på barnepass slik at nokon kan få ein frikveld 🙂

2: Det trur eg må vere ein vel planlagt hytte til hytte-tur. Få ting er så fint som når andre folk tek seg av logistikk og planlegging og ein sjølv berre kan nyte ein ferie.

3: I år ønskjer eg meg biografien til Bjørn Eidsvåg. Eg er over gjennomsnittet fan av Bjørn Eidsvåg og då er det heilt perfekt at han har kome ut med en bok no rett før jul.

Daniel Skjevik-Aasberg er nestleiar i Unge Høgre. Foto: Høgre

Unge Høgre fekk signert SKAM-manus og flybillett

Fungerande leiar i Unge Høgre, Daniel Skjevik-Aasberg, meiner julegåve-gamet hans er ganske okei, trass i at han alltid er for seint ute.

– Kvart år seier eg at neste år skal eg starte tidlegare. Det skjer sjølvsagt ikkje. Så når midten av desember kjem, traskar eg – med tusenvis av andre nordmenn – gatelangs på jakt etter dei beste tilboda og dei mest originale julegåvene.

Her er Unge Høgre-politikaren sine beste tips:

1: Eg trur det må vere å kjøpe noko som den andre vert glad for og som ikkje er bruk-og-kast-ting. Vi har alle for mykje nips liggande rundt. Eg plar kjøpe gåver som er opplevingar. Til dømes konsertar, teater, turar eller middag.

2: Eg har fått mange fine julegåver. Mellom anna blei eg skikkeleg glad då mor mi kjøpte flybillett heim til jul, sidan eg hadde gløymt det og billetten kosta skjorta. Ei jul fekk eg også eit signert originalmanus av SKAM som gjekk på NRK P3. Det var også skikkeleg fint.

3: Fred på jord, ei løysing på klimakrisa og EU-medlemskap sjølvsagt. Neida, det blir vel bøker og vin i år også. Eg seier derimot ikkje nei takk til ein konsert.

Les også: Senterungdommens nye leiar: – Vi må tore å brøyte oss litt fram for å verte høyrde

På Senterungdommen sitt landsmøte 8-10 november vart 23-åringen Torleik Svelle valt til ny leiar. Pressefoto.

På Senterungdommen sitt landsmøte 8-10 november vart 23-åringen Torleik Svelle valt til ny leiar. Pressefoto.

Senterungdommsleiaren ønskjer seg hjortekjøt

Torleik Svelle, som nyleg tok over som leiar i Senterungdommen byrjar tankeprosessen rundt gåvene ganske tidleg, men handlerunden blir likevel ofte i siste liten.

– Men alltid før hovmesteren snublar i tigerhodet, understrekar han.

1: Ikkje kjøp ubrukelig plast-ræl som aldri blir brukt. Til dømes eit tomat oppkuttings-stativ. Mange har alt, unnteke tid saman. Mitt beste tips er å kjøpe opplevingar til kvarandre: skikort, resturantbesøk, teaterbilettar eller ølbryggekurs.

2: Ein gang fekk eg ein stor rattkjelke i tre med stålmeier og plass til tre, det var verkeleg 10/10.

3: Hjortekjøt og opplevingar saman med andre.

Leiar i Framstegspartiets Ungdom, Bjørn-Kristian Svendsrud. Pressefoto

FpU-leiaren skal til Paris med kjærasten

FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud medgjev at han kunne vore flinkare å fiksa julegåvene tidlegare. Her er hans beste tips:

1: Gje ein humanitær gåve hos nødhjelpsorganisasjonen Norsk Nødhjelp. Det er ein flott organisasjon som gjer ufatteleg mykje bra, og der kan ein til dømes gje ei ku eller ein kalv i nettbutikken.

2: Eg er kvart år veldig nøgd med dei gåvene eg får, men frå barndommen trur eg kanskje eg vil trekke fram då eg fekk ein splitter ny sykkel. Det hugsar eg som ei skikkeleg fin julegåve.

3: I år har kjærasten min og eg valt å gje kvarandre ein tur til Paris på nyåret som julegåve til kvarandre, så sjølv om det ikkje akkurat kan kallast ei overrasking på julaftan er det ei gåve eg gler meg veldig mykje til å bruke.

Raud Ungdom-leiar Tobias Drevland Lund. Foto: Didrik Sten Ingebrigtsen

Raud Ungdom-leiaren feira på barneheim i Tanzania

Også Raud Ungdom-leiar Tobias Drevland Lund, plar å vere seint ute med julegåvene, men

1: Først bør ein spørje seg om personen faktisk treng noko. Mange julegåver er overflødige og bidreg ikkje til anna enn aukt forbruk. Difor kan ein lage ting eller gje opplevingar istadenfor!

2: Ein gang feira eg jul på ein barneheim i Tanzania. Det må ha vore den mest spennande og beste julegåva eg har fått.

3: Eg ønskjer meg opplevingar – konsertbillettar eller gåvekort på aktivitetar.