Abiy: – Krig er helvete på jord

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tar imot denne prisen på vegner av befolkninga i både Etiopia og Eritrea, særleg dei som har ofra livet for freden, sa 43-åringen då han heldt sitt Nobelforedrag i Oslo rådhus.

Han takka òg Eritreas president Isaias Afwerki. Abiy er tildelt fredsprisen mellom anna fordi han i det første halvåret som statsminister greidde å slutte fred med nabolandet etter fleire tiår med konflikt.

  • Visste du at i Pakistan promoterer lastebilar utdanning for jenter? Les meir her.

Augnevitne

Som ung soldat i den etiopiske hæren var Abiy sjølv augnevitne til den lange krigen mot nabolandet i nord. Mellom anna fortalde han om den gongen heile eininga hans vart utsletta i eit angrep medan han sjølv hadde forlate skyttargrava ei kort stund.

– Krig er sjølve uttrykket for helvete på jord for alle som er involvert. Eg veit det, for eg har vore der og komme tilbake. Eg har sett brør slakte brørne sine på slagmarka, fortalde han.

– Då eg vart statsminister for 18 månader sidan, følte eg veldig sterkt at det var nødvendig å få slutt på uvissa. Det er leiken til skjebnen som gjer at eg står føre dykk her i dag og snakkar om fred, sa Abiy.

– Hardt arbeid

Han understrekar at sjølv om ein har oppnådd fred, vil det krevje hardt arbeid for å halde han ved like.

– For meg kan det å skape fred bli samanlikna med å plante og dyrke fram tre. Akkurat som trea treng vatn og eit godt jordsmonn for å vekse, treng freden eit fast engasjement, uendeleg tolmod og velvilje viss ein skal greie å dyrke fram og hauste fruktene til freden, sa Abiy.

Han trekte òg fram eit gammalt afrikansk ordtak.

– «Om du vil ha ei fredeleg natt, må også naboen din få ei fredeleg natt». Essensen i dette ordtaket er ein rettesnor for styrkinga av relasjonane i regionen. Vi strevar no for å leve i fred og harmoni med naboane våre, sa fredsprisvinnaren.

Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15.mars 2019. Foto: Anton Naumljuk