Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intervjuet er gjort av André Turøy på Stord vidaregåande skule og skrive ut av redaksjonen.

Eva Weel Skram var først kjend for det norske publikum gjennom si deltaking i Idol i 2005, då ho som 19-åring troppa opp på audition og song Shackles. 

Men allereie som 12-13-åring byrja ho skriva sine eigne låtar og dykka ned i musikkverda.

– Kva inspirerte deg til å byrja med musikk?

– Det har eigentleg vore veldig mykje forskjellig. Eg har alltid sunge, men om eg går tilbake til barndomen og dei første låtane eg laga i 12-13-årsalderen, var det ei tid i livet der eg ikkje hadde det så veldig bra, fortel ho.

Vart mobba og sleit med eteforstyrringar

I programmet Hver gang vi møtes i 2016, opna ho seg for fyrste gong og fortalde om mobbing og at ho sleit med å passa inn blant dei jamnaldrandre på skulen.

– Eg blei mykje mobba og utestengd og eg sleit med eteforstyrringar veldig lenge. For meg var musikk ein flukt frå kvardagen og musikken vart mi dagbok, seier ho til Framtida.no.

Ho trur det er mange som driv med kunst som kanskje har den bakgrunnen til felles. At det er mange einstøingar rundt om.

– Då eg fortalde det første gong var det noko eg ikkje hadde villa dele før, fordi det er så klisjé. Samstundes så er det jo difor eg byrja med musikk. Det var utgangspunktet.

Sjå video frå intervju og konsert laga av Jørgen Westerheim, Rebecca W Irgens, Mathias Bjørhovde, Sophie Stavland, André Turøy på Stord vidaregåande skule.

I band med kjærasten i 15 år

Saman med mannen Thomas Stenersen har ho spelt og laga musikk i snart 15 år.

– Han er samarbeidspartnaren min og me er saman tjuefire timar i døgnet, og han er heilt klart også ei stor inspirasjonskjelde, smiler ho.

– Blir du framleis nervøs når du skal ut på scena?

– Nei, ikkje no lenger. Eg har stått på scena sidan eg var lita, levd av det og jobba med det profesjonelt i snart 15 år. Men det er alltid ei spaning der, og eit adrenalinkick som slår det meste, seier ho.

Ho fortel om å få omgangssjuke fem minutt før konsertstart, men så å klara å gå på scena og gjennomføre likevel fordi adrenalinet tek over.

– Før eg går av scena og spyr igjen. Å stå på scena er ein sånn euforisk lykkefølelse som ikkje går heilt an å beskriva. Eg er sjukt heldig. Eg klyp meg i armen kvar dag. Dette er jobben min, det er jo heilt vilt!

Gjekk over til norsk etter over 15 år med engelsk

I starten av karriera både skreiv og sang ho berre på engelsk, men etter å ha vore med på Hver gang vi møtes, la ho om til norsk.

I programmet song ho på sogndals-dialekta for fyrste gong i fleire av tolkningane sine, og etter det har det vore norsk og dialekt som har gjeldt.

I 2018 kom albumet Finne heim, der ho og mannen Thomas Stenersen, for fyrste gong gav ut eit heilt album på berre norsk.

– Kva var det som fekk deg til å gå over til norsk etter fire plater på engelsk?

– Då eg var ung var det på engelsk mine heltar song. Joni Mitchell, Janis Joplin, Led Zeppelin og andre i mamma si LP-samling. Alt var på engelsk, så då laga eg også songar på engelsk og hadde eigentleg aldri sunge noko anna før Hver gang vi møtes, seier Skram.

Då ho var lita dreiv ho litt med norsk song, gjennom steving og kved, men det er litt annleis enn å synge norsk i popverda, fortel ho.

– Når eg tok Evig eies av Henning Kvitnes med meg på turné, merka eg ei heilt anna kontakt med publikum fordi det var på norsk.

– Me har unge lesarar som kanskje ikkje har høyrt deg før. Kva song ynskjer du at dei skal høyra først?

– Kanskje Berre la meg vær, som er den første songen eg ga ut på norsk. Det er nok også den songen som har vore vanskelegast for meg å sleppe frå meg. Den handlar om litt av det vonde frå barndomen, som har laga ein usikkerhet som har regjert i meg lenge. Den handlar om å føle at ein ikkje er bra nok. Det trur eg nok mange unge kjenner på i dag, forklarar artisten.

– Men så tenker eg at etterpå kan dei høyra Om du vil, som handlar om håp og at det går faktisk an å koma seg ut av det og at ein kan vera her for kvarandre.

Foto: Agnete Brun.