Ungdom frå Malawi: Overraska over dårleg tilrettelegging for unge funksjonshemma i Noreg

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Overraska over negative haldningar til funksjonshemma i Noreg

– Da eg vart med på prosjektet og skulle reise til Noreg tenkte eg at vi skulle lære korleis ein kan løyse inkludering på ein god måte. Så var det ikkje sånn. Det var ikkje det eg hadde venta, seier Misheck Shadreck Mithi.

Smashing barriers er eit samarbeidsprosjekt gjennom Norec, tidlegare Fredskorpset.

I snart to månader har Mithi og Patricia Moyo frå FEDOMA, ein organisasjon for menneske med nedsett funksjonsevne i Malawi, besøkt Noreg og Norges Handicapforbunds Ungdom (NHFU).

Her har dei fått innblikk i korleis forholda er for unge med nedsett funksjonsevne i Noreg.

Dei har sett fokus på inkluderande skole, og korleis ein skal sikre utdanning for barn og unge med nedsett funksjonsevne. Dei har besøkt skolar og snakka med politikarar for å inspirere til meir inkluderande haldningar.

Les intervju med den nye NHFU-leiaren her!

Dei norske og malawiske ungdommane samla. Patricia Moyo, Amir Hashani, Misheck Shadreck Mithi og Henriette Andreassen. Foto: Beate Haugtrø

I snart to månader har dei norske og malawiske ungdommane jobba saman i Noreg. Patricia Moyo, Amir Hashani, Misheck Shadreck Mithi og Henriette Andreassen. Foto: Beate Haugtrø

Få hjelpemiddel i heimlandet

Shadreck Mithi og Patricia Moyo har begge nedsett funksjonsevne og treng krykker for å komme seg fram.

I heimlandet deira Malawi, er ikkje hjelpemiddel ei sjølvfølge. Ein kan ikkje låne hjelpemiddel frå staten, som ein kan i Noreg. Det er og svært begrensa med tilgjengelege ressursar. Rullestolar er mangelvare, og elektriske rullestolar er det få av.

I tillegg er det ofte lang veg til skolen grunna at det er for få skolar. Dette gjer det uoverkommeleg for mange å komme seg til skolen. I Malawi går berre ti prosent av dei med nedsett funksjonsevne på skole.

Les også: – Me treng fleire lærarar med spesialpedagogisk kompetanse

Høge forventningar til norsk inkludering

Dei besøkande har difor hatt høge forventningar til nivået på inkludering av funksjonshemma før dei kom til Noreg. Overraskinga var stor da det ikkje var som venta.

Misheck Shadreck Mithi. Foto: Beate Haugtrø

– Det er store skilnader på økonomien i desse landa. Eg har alltid tenkt at Noreg er meir avansert, seier Misheck Shadreck Mithi.

På dei skolane dei har besøkt i Noreg, er bygningane tilgjengelege for alle. Men Mithi meiner at dei likevel ikkje praktiserer inkludering.

– Vi ser at borna med nedsett funksjonsevne blir sett i spesialklasse. Det ønsker vi ikkje. Eg hadde venta eit mykje høgare nivå av inkludering, seier Mithi.

Dei fortel at dei har vore veldig forbausa over kor lite tilrettelagt det er for at funksjonshemma barn i skolen skal kunne fungere saman med andre barn.

– Det handlar ikkje berre om tilgjengelege bygningar. Hovudproblemet er negative haldningar til menneske med nedsette funksjonssevner, seier Mithi.

Les også: – Personar med nedsett funksjonsevne er den mest diskriminerte gruppa i samfunnet

Mange skolar med dårleg tilgjengelegheit

Tilgjengelegheit handlar om korleis ein kan sikre at bygget er tilgjengeleg, og korleis dei med nedsett funksjonsevne kan følge vanleg undervisning.

Ifølgje tal frå Bufdir har 80 prosent av norske barne- og ungdomsskolar feil og manglar når det gjeld tilgjengelegheit. Det gjer at mange av dei norske elevane ikkje kan gå på nærskolen sin.

Dei norske representantane forklarer at tre av fire norske elevar som treng spesiell undervisning får det utanfor ordinær klasse, og at det er vanleg å plassere barn med funksjonshemming bakerst i klasserommet.

– Det blir òg ein form for segregering, seier Martine Eliasson, som er koordinator for prosjektet i Noreg.

Les også: 64 prosent av dei med funksjonshemming fullfører aldri vidaregåande

Meir inkluderande haldning i Malawi

Sjølv om nitti prosent av unge med nedsett funksjonsevne i Malawi ikkje går på skole, meiner Patricia Moyo at dei ti prosentane med nedsett funksjonsevne som går på skole, blir meir inkluderte i resten av klassa og aksepterte i samfunnet, enn det ho har inntrykk av er tilfelle i Noreg.

– Nordmenn må akseptere funksjonsnedsettingar. Dei må gi dei med nedsett funksjonsevne ei moglegheit til å delta fullt i samfunnet. Å få del i ressursane, så dei kan sette pris på  å vere i livet her i verda, seier Patricia Moyo.

Trass i dårlegare økonomi og færre materielle hjelpemiddel, meiner ho haldningane til folk med nedsett funksjonsevne er betre i heimlandet.

– I Malawi har vi ikkje spesialklassar. Menneske med nedsett funksjonsevne og dei vanleg fungerande er i same klasse. Vi meiner dei gjer det betre i Malawi, for der prøver dei sitt beste for å løyse det. Der aksepterer folk at dei med nedsett funksjonsevne er der, seier Moyo.

Mithi er einig.

– Haldningane er betre i Malawi, og eg hadde venta at Noreg var eit meir inkluderande land enn Malawi, seier Mithi.

Store skilnader i velstand, men like utfordringar

I starten av november er det dei norske representantane sin tur. Da drar Amir Hashani og Henriette Andreassen til Malawi for å lære av forholda der.

Sjølv om det er store skilnader i velstand mellom dei to landa, så kan utfordringane med kunnskapsløyse og diskriminering vere like. Prosjektleiar Eliasson trur dei vil møte mange av dei same utfordringane når dei kjem til Malawi.

– Eg har ei formeining om at ein vil sjå dei same utfordringane med dårleg utforming og tilrettelegging av skolar, og at elevar blir ekskluderte frå å ta vanleg utdanning, seier Eliasson.

Patricia Moyo frå Malawi og Amir Hashani på kampanjebilde frå prosjektet.