EU garanterer at kattar har rett til å vandre fritt

Retten til å bevege seg fritt gjeld òg huskattar, sjølv om kattar kan utgjere ein trussel mot fuglar, slår EU fast.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein kan ikkje ta frå kattane retten til å vandre fritt, konkluderer EU torsdag.

– EU er ein sterk forsvarar av retten til fri bevegelse, inkludert kattar, heiter det i ei fråsegn.

EU avviser kategorisk at det nokon gong vil komme på tale å innføre påbod om at kattar må haldast innandørs eller at kattar må gå i band viss dei er ute.

Forskarar starta debatten

Bakgrunnen for fråsegna er at forskarar ved universitetet i Tilburg i Nederland i Oxford-tidsskriftet Journal of Environmental Law skriv at huskattar som vandrar fritt utandørs, «påverkar det biologiske mangfaldet», og at påverknaden er meir omfattande enn antatt.

Derfor må EU sine lovverk og direktiv endrast slik at katteeigarar blir pålagde å halde kattar innandørs eller i band utandørs, skreiv forskarane.

Nusse er hekta på plastikk. Foto: Martinus Feie/Bjørnar Torvholm Sævik

Nusse er hekta på plastikk. Foto: Martinus Feie/Bjørnar Torvholm Sævik