No kan du skriva som Trump
Internett har latt seg inspirere av Donald Trump si handskrift. No kan du lage presidentnotatar med skrifttypane Tiny Hands og Quid Pro Sans.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Førre veke møtte Donald Trump pressa med ein hugselapp der det stod med store, tydelege versalar:
«I WANT NOTHING
I WANT NOTHING
I WANT NO QUID PRO QUO»
Trump kommenterte den pågåande riksrettshøyringa og EU-ambassadør Gordon Sondland sitt vitnemål om at presidenten heldt tilbake militærhjelp til Ukraina og utsette eit toppmøte for å pressa fram ei etterforsking mot Joe Biden sin son.
Ifølgje Trump sjølv sa han tydeleg ifrå at «I WANT NOTHING» og ba ambassadør Sondland be Ukrainas president Zelinskij å gjera det riktige. Her kan du sjå pressekonferansen.
Avslutningsvis hadde Trump notert «THIS IS THE FINAL WORD OF THE PRES. OF THE U.S»
Bodskapet kom tydeleg fram, men Internett har latt seg fascinere over dei handskrivne notatane til Donald Trump, som er skrive utelukkande i CAPS LOCK – sett bort ifrå e og g, der presidenten brukar minusklar.
Tidlegare fotojournalist ved Det kvite huset samanliknar her Trump sine notatar med Barack Obama sine:
Biletet som har gått viralt etter at Getty tvitra det, er teke av Getty-fotografen Mark Wilson. Han fortel til WIRED at han brukte kameraet Canon 1DX med ei 100–400mm zoomlinse, som gav verda innblikk i Trump sine notatar.
- Les også: Kva er eigentleg populisme?
Tiny Hands og Comic Sans
Nyheitsnettstaden Buzzfeed har allereie erklært at den nye skrifttypen Tiny Hands kan bli den nye Comic Sans. Typografen Mark Davis har digitalisert handskrifta, slik at du kan lasta ho ned og skriva som Donald Trump.
På meme-generatoren finalwordfromthepres.org kan du skrive med fonten Quid Pro Sans på same notatblokk som POTUS. Logoen på arket er nemleg Aboard Air Force One.
Men det har ikkje berre vorte grafisk moro ut av notatane. Ein Twitter-brukar har rett og slett laga ei ny The Smiths låt, basert på Trump sine notatar:
.@pattonoswalt made a tweet that showed Trump’s handwritten notes and the caption was simply “Morrissey voice:”.
Needless to say, I got inspired and put WAY to much effort into this. pic.twitter.com/heOiOhl90P
— RuPaul Giamatti (@BenJamminAsh) November 21, 2019