«Sosiale medium er ikkje berre distraksjonar»

Essey Gaim Weldu
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I det siste har det vore alt for mykje kritikk mot ungdomen sin bruk av internett, sosiale medium og ikkje minst spel. Det er ikkje noko gale med kritikk, men det som er gale er at kritikken ikkje har noko fakta eller logikk bak.

Ikkje misforstå meg. Eg meiner at å møte nokon ansikt til ansikt er veldig bra. Det eg seier er at det er ikkje noko uekte med å snakke med ein venn gjennom eit spel, sosiale medium eller andre forskjellige appar.

Det er ikkje noko uekte med å snakke med ein venn gjennom eit spel

Eit fint eksempel på eit slikt app er Discord. Discord er hovudsakleg ein app som lar folk snakke saman når dei speler dataspel, men det har utvikla seg til ein stad der ein kan dele meiningane sine om forskjellige saker, snakke med vennar og møte nye menneske som dei kan kommunisere med.

Det har vore mange gonger da eg har snakka med vennene mine i fleire timar på Discord når eg ikkje kunne møte dei ansikt mot ansikt.

«Med telefonar som pip, TV-seriar som kallar og ei verd av distraksjonar kan det vera vanskeleg å finna tid til aktivitetar og menneske». Eg opplever det ikkje slik. Når telefonen pip, så er det som regel dei menneska som eg ikkje får sett ansikt til ansikt som sender meg ein snap eller ei melding.

Opplevinga mi er at «telefonar som pip» og «distraksjonar» er det som gjev meg sjansen til å finna tid til menneske som betyr noko. Skule og skulearbeid som tek mesteparten av dagen er grunnen til at det er vanskeleg å finna tid til aktivitetar og menneska, ikkje telefonar og «distraksjonar» som det blir kalla.

«Telefonar som pip» og «distraksjonar» er det som gjev meg sjansen til å finna tid til menneske som betyr noko

Før, når det ikkje fanst telefonar og sosiale medium, måtte ein bruke andre måtar til å kommunisere med kvarandre. Brev som tok dagar viss ikkje meir på å kome fram til mottakaren. Morsekodar som var vanskeleg å forstå og til og med fuglar som ein måtte mata, ta vare på og trene.

No har vi teknologi som gjer kommunikasjon rask, enkel å forstå og eg har ikkje sett nokon mata telefonen sin enno, så eg skjøner ikkje kvifor folk ikkje kan sjå dette som ein framgang.

Det eg vil fram til er at, telefonar, sosiale medium og andre ting som blir kalla «distraksjonar», ikkje er det som gjer å finne tid til aktivitet og menneske vanskeleg, men dei gjer det motsette.

Desse verktøya gjer det mogeleg å kommunisere med nokon når som helst, frå kor som helst. Me kan ha kontakt med kvarandre 24 timar i døgnet og det er noko å bli glad over.

 

Bidraget til Essey Gaim Weldu fekk heiderleg omtale i skrivekonkurranse til Framtida.no og Magasinett – «Gi tid!». Les dei andre bidraga i skrivekonkurransen «Gi tid»!