Her er dei første klippa frå den norske Netflix-serien «Ragnarok»

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke dukka det opp ein stor mystisk stein med runer og Netflix-logo nede ved sjøkanten i Odda i Hordaland som avslørte serien blir lansert globalt 31. januar.

No kan du sjå dei første klippa frå den originale Netflix-serien.

Klima-Ragnarok

Handlinga i «Ragnarok» er lagt til den fiktive småbyen «Edda», og er spelt inn i Odda i vår og sommar.

I omtalen av serien skriv Netflix at «serien rører i sin kjerne ved det at ikkje berre menneske i Norden, men over heile verda, i aukande grad er nøydde til å møta klimautfordringa – som i dei seinare år har gått gjennom store forandringar».

«Polane smeltar i ein takt som ingen hadde forventa. Me går gjennom lengre periodar med tørke. Vintrane er for varme. Oftare og oftare opplever me periodar med ekstrem kulde. På alle måtar ekstreme vêrforhold. Verda endrar seg, og ein kan påstå at me er på veg mot eit nytt Ragnarok. Om ikkje nokon tar grep i tide …» heiter det vidare i omtalen.

– Dette kan synast som den klaraste advarselen om kva klimaendringane inneber i nokon norsk fiksjonsfilm eller serie, skriv filmtidsskriftet Rushprint.

«Ragnarok» er skildra av Netflix som ein thriller og ein action- og eventyrserie. Foto: Netflix

SKAM-skodespelarar

Blant skodespelarane er David Stakston og Herman Tømmeraas frå Skam. I tillegg speler blant anna «22. JULY»-skodespelar Jonas Strand Gravli, Theresa Frostad Eggesbø, «Heimebane»-skodespelar Emma Bones, Henriette Steenstrup, Odd-Magnus Williamson, Synnøve Macody Lund, Bjørn Sundquist og Gísli Örn Garðarsson.

I vår var Framtida.no i Odda og snakka med fleire tiandeklassingar som hadde fått seg jobb som statistar i serien. Dei kunne fortelja at deler av innspelinga var krevjande.

Møt skodespelarane frå Netflix-satsinga Ragnarok. Frå venstre: Herman Tømmeraas, Ylva Bjørkaas Thedin,Theresa Frostad Eggesbø, Emma Bones, Jonas Strand Gravli and David Stakston. Foto: Pressefoto.