Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er jo ikkje akkurat så mykje som skjer i Odda, så difor meldte eg meg på. Det tek jo litt tid, ein må vente veldig lenge, men det er veldig kjekt, fortel Sina Graue.

15-åringen har vore statist i Netflix-serien Ragnarok som vart spelt inn i Odda for kort tid sidan og har planlagt premiere i 2020.

Serien som består av seks episodar vert skildra som ei moderne oppveksthistorie med røter i norrøn mytologi.

Statistane fortel at delar av innspelinga var krevjande.

– Du må spele den same scena oppatt og oppatt og det er mykje venting. Ho synest det kjekt å sjå korleis dei lagar ein film.

Fekk tena litt pengar

Sindre Eike (15) var òg statist.

– Eg synest det var kjekt å sjå korleis dei filmar. Det er jo og ein moglegheit til å tene litt peng, legg Eike til.

– No var eg berre med ein dag, så eg fekk ikkje sjå så mykje, fortel han.

Marius Utne Pettersen (16) har òg vore med. Han har vore ein del av ein klasse i filmen og har hatt litt fleire innspelingsdagar.

– Det er jo Netflix, det er jo stort.

Han er gjerne med viss det blir ein ny sesong.

– Det verkar jo litt kult, då.

QUIZ: Kor førebudd er du? Test dine kunnskapar om norrøn mytologi her!

– Omgjevnadane i Odda passar norrønt tema

Utne Pettersen trur at Netflix sitt besøk tyder på at omgjevnadane i Odda passar temaet i serien.

– Dette er jo ein serie basert på norrøn mytologi, norsk natur med fjell og dalar.  Så det er jo kult at dei valde akkurat Odda, seier han.

Utne Pettersen trur at viss serien vert bra, kan den bidra til å setje Odda meir på kartet.

Sander Gavle (15) har òg vore statist.

– Netflix er jo eit stort selskap. Dei har mange bra filmar, så det er jo kult at dei kjem til Odda, fortel han, og er einig i at det var krevjande med all ventinga.  Men han ville gjerne gjort det igjen viss han vekk sjansen.

LES OGSÅ: Møt hovudrollene i Netflix si norskspråklege storsatsing

Møt skodespelarane frå Netflix-satsinga Ragnarok. Frå venstre: Herman Tømmeraas, Ylva Bjørkaas Thedin,Theresa Frostad Eggesbø, Emma Bones, Jonas Strand Gravli and David Stakston. Foto: Pressefoto.