«Eg er glad i deg. Er du glad i meg? Vis meg det da vel!»

Erle Hofsli-Aune
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Merksemd. Det er den enklaste gåva å gje andre. Samtidig så utruleg vanskeleg. Merksemda vår blir heile tida stole av mobilar og pc-ar. Korleis kan me gje merksemd til andre menneske?

Eg er glad i deg. Er du glad i meg? Vis meg det da vel. Eg bryr meg ikkje om pengane du gir meg. Dei kjem godt med i livet, men dei betyr ingenting. Ein kan ikkje dekke over eit behov om merksemd med ein hundrelapp.

Eg ser at du prøver. Du gjer alt for at eg skal vera glad. Men det du ikkje ser, er at alt eg vil ha er merksemda di. Legg vekk mobilen, sjå opp fra tv-en, og høyr på kva eg har å seie. Kanskje du trur at eg ikkje vil snakke med deg, at eg er ein uinteressert tenåring som berre bryr meg om gutar og sminke. Jo, kanskje det stemmer. Men eg treng deg fortsatt. Eg vil fortelja deg om alt eg gjer på skulen og på fritida, om kva eg lærte og kven eg var med. For inst inne er eg eit lite barn som søker deg. Heile deg.

Sjå meg. Sjå meg inn i augene. Legg merke til korleis eg føler meg.

Høyr meg. Lytt med heile deg til det eg seier. Prøv å forstå det eg fortel deg.

Snakk med meg. Spør meg om dagen min, spør meg om eg har det bra.

Alle treng merksemd, uansett alder og personlegdom. Det er eit menneskeleg behov. Sjå rundt deg. Gje andre menneske merksemda di. Det er den beste gåva av dei alle.

Gjer du deg flid med innpakkinga kan den vere halve gåva. Finn fram det du har – gamle kart, kryssord, tørka og pressa blomar, tøystykker eller gråpapir du kan pynte.