«Lat oss hugse at sjølv om Trump skjer, så skjer også Greta»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mot slutten av Nairobi Summit på International Conference on Population and Development skal det delast ut prisar til menneske som har utmerka seg i arbeidet for seksuell og reproduktiv helse og rettar sidan konferansen i Kairo for 25 år sidan.

Sivilsamfunn, ministarar, aktivistar, fagfolk, presidentar og kongelege møtest for å feire over grillspyd og raudvin.

Ein eldre aktivist frå Sør-Amerika vinner den tredje prisen. Det er stor applaus. Ho takkar for prisen: «Lat oss fortsette å kjempe», seier ho.

«Vi har kome langt, og har langt igjen å gå. Vi må styrke kvinner, styrke jenter», seier ho til stor applaus.

«Vi må endre haldningar, vi må endre normer utan å miste kulturen vår», seier ho til stor applaus.

«Vi må sikre trygg abort for alle jenter og kvinner», seier ho til litt mindre applaus.

Den neste vinnaren har arbeidd i kanskje 20 år med rettigheiter for LHBTQI+-personar.

«Takk for prisen», seier han til enda litt mindre applaus.

Slike internasjonale konferanse-sirkus har sin verdi. Klart skal ein feire framgang, forsøke å nå vidare saman. Statar, organisasjonar, fagpersonar. Aktivistane som har arbeidd hardt i mange år.

Og framgangen finst, men som sagt av fleire dei siste dagane: Lat ikkje også denne konferansen ende opp som rapportar og samtalar som støvar vekk på i ei bokhylle. Dei som var i Kairo i 1994 orker ikkje å møtast igjen om 25 år for å ta dei samme samtalane.

«Det går ikkje i Afrika»

På andre sida av byen ligger Kibera. Den største slummen i Kenya. Klarer ICPD å nå hit?

I Kenya er abort ulovleg med mindre mors liv er i augeblikkeleg fare. Gjennomfører du likevel ein abort, blir du straffa med fengsel i opptil sju år. Sidan 2011 har omskjering av kvinner vore ulovleg, og sjølv om tala har sokke sidan det, blir omlag 21% av jenter i Kenya omskorne når dei er unge. Homofili er framleis kriminelt.

Også i Kenya, som fleire andre stader i verda, ser ein klar samanheng mellom fattigdom, kjønnsbasert vald og ivaretaking av seksuell og reproduktiv helse, også i denne slummen er det ein realitet.

Kibera er ein bydel i Nairobi, og den nest største slummen i Afrika. Foto: Ninara/Flickr/CC BY 2.0

«Det går ikkje i Afrika», seier ho på 25 år frå Mali som arbeider aktivt mot kjønnsbasert vald.

«Homofile sine rettar er ikkje mogleg å innfri, vi har andre ting å prioritere. Mennesker svelt, har ikkje tilgong på vatn. Homofili er ikkje eit problem i Afrika, dei menneska finst ikkje her».

Men LHBTQI+-personer og aktivistar finst jo i Afrika. Dei kjempar kvar dag. I Kenya klarte aktivistar og fleire LHBTQI+-organisasjonar nesten å avkriminalisere homofili tidligare dette året, men tre dommarar stod i vegen.

Framgangen møter motstand

Færre jenter døyr under svangerskap, men Trump innfører Global Gag Rule igjen. Taiwan lovleggjer ekteskap for homofile og Uganda ønsker å innføre dødsstraff for homoseksualitet. Rekordmange jenter tek grunnskuleutdanning og Polen forsøker å ulovleggjere seksualitetsundervisning. Utviklingsminister Ulstein lanserer sin strategi på skadeleg tradisjonell praksis og hans eige parti strammar inn abortlova heime.

Framgangen møter motstand. Gir vi opp, eller kjemper vi vidare? Lat oss hugse at sjølv om Trump skjer, så skjer også Greta, bygdepride og slampoesi om likestilling i FNs befolkningsfond.

Går endringane for sakte, eller går det akkurat så fort som det kan gå?

Eit mantra i FN er å ikkje etterlate nokon i utviklinga. Men det hastar. Kvar dag blir jenter omskorne, gifta vekk, skeive trakassert, transpersoner utsette for vald. Blir ikkje dei etterlatt allereie?

Noreg er ein stolt pådrivar på SRHR-feltet, men vi må tore å ta i dei store utfordringane, tore å ta opp temaa som er såre og betente. Vi må anerkjenne kompleksiteten i verda, i samfunnet og i mennesket.

Er god helse for alle (berekraftsmål nr. 3) mogleg å innfri innan 2030, utan rettar for alle? Er likestilling oppnåeleg innan 2030 (berekraftsmål nr. 5) utan tilgang til trygge aborter?

Grasrotendring

Endringa må skje frå folket, frå grasrota, seier dei eg spør. Endringa må skje gjennom ein kollektiv innsats.

Og skal den endringa skje må også dei viktigaste menneska med raudvinsglas i handa på Nairobi Summit tore å ta dei tøffe samtalane, dei vanskelege diskusjonane, tørre å krevje at seksuelle og reproduktive rettar faktisk er menneskerettar.

Menneskerettar som gjeld alle.

 

Har du noko på hjartet? Send oss meiningsinnlegg eller tips til tips(a)framtida.no!

 

Kjelder: