Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I boka OMG møter me Maria som er kome med i eit tøft miljø i byen med festing og eldre gutar. Etter ein fest som endar med at Maria blir køyrt heim av politiet, får mora nok. Maria blir sendt til bestemora på Tysnes. Her møter ho prestesonen Johannes i kyrkja.

– Ho bestemmer seg for å føra han ut i djupaste synda.

– Veit kva som er rett, men gjer feil likevel

– Karakterane i bøkene mine har ofte éin ting til felles. Dei veit kva som er rett, men gjer det som er feil likevel.

– Bøkene mine handlar ofte om at sjølv om du ikkje har verdiane på plass, og sjølv om du ikkje er eit heilstøypt menneske og har litt sånne vonde tendensar, så kan det faktisk gå bra likevel. Fordi det finst håp.

Ingelin Røssland framfor Fitjar Bedehus etter å ha blitt bokbada av 10.klassingar på Rimbareid barne- og ungdomsskule.

Ingelin Røssland meiner det er viktig å anerkjenna at me har ulike sider i oss. Ho meiner det er lett å seia at «eg kunne aldri gjort det der», «eg kunne aldri ha mobba nokon», «eg kunne aldri begynt å røyka» eller «eg kunne aldri ha kome i fengsel».

– Men så er det sånn at inni oss så har me potensiale til alt mogleg, og det er så lett å flippa over på feil side. Og så kan du koma deg tilbake på rett side igjen òg.

Hovudpersonen i OMG, Maria, er ein slik person. Det er ikkje så lenge sidan ho sat på rommet med venninna si og såg på sminkevideoar med venninna si og ikkje drog på festar i det heile tatt. Men plutseleg har dei fått ein fot innanfor i det kule miljøet. Og då er det så lett å berre gjera ein ting til, og så synest dei andre du er tøff og kul.

– Då er det så lett å mista kart og kompass – og så går det veldig fort.

Ida Marie Sandvik (15), Malene Ahrens (14) og Lars Rydland Sæbø (15) var med på å leia bokbadet med Ingelin Røssland og Terje Torkildsen på Rimbareid barne- og ungdomsskule på Fitjar.

– Kjekt med bokbad

Framtida.no møter Røssland i samband med at ho vert bokbada under barnebokfestivalen Falturiltu på Stord.

Ida Marie Sandvik (15), Malene Ahrens (14) og Lars Rydland Sæbø (15) frå Fitjar var med på å bokbada forfattaren.

OMG var veldig bra. Boka handlar om ungdommar som det går an å kjenna seg igjen i, seier Malene Ahrens.

– Eg har ikkje tenkt på at det er noko som heiter bedehusmiljø. Her kallar me det klubben, seier Lars Rydland Sæbø. Han er sjølv styremedlem for klubben på bedehuset på Fitjar, og kjente seg igjen i skildringa av miljøet.

– Det er eit veldig sterkt og bra miljø på klubben, fortel han.

Inspirert av heimplassen

Ingelin Røssland er frå Tysnes i Hordaland, og bur no utanfor Stockholm i Sverige.

Røssland fortel at handlinga i boka er lagt til Tysnes fordi det er eit landskap ho kjenner. Dessutan trong ho ei øy med ferjesamband der det går litt tid mellom kvar ferje som går.

– Eg har i grunnen ikkje kjennskap til om det er eit aktivt kristent ungdomsmiljø på Tysnes med kor og band og ein mandagsklubb på bedehuset. Det dikta eg opp. Eg diktar alltid opp all handling og alle karakterar. Det er berre sjølve plassen som får vera som den er.

– Mitt motto i skrivinga er at alt kan skje på Tysnes.

– Er det nokon av karakterane i boka som du kjenner deg igjen i?

– Eg kjenner meg igjen i alle karakterane, men det er vel Maria eg lever meg mest inn i.

– Kva er bodskapen i boka?

– Det er vel at det alltid er eit håp. Det går som regel bra til slutt. Djupast sett er det ei historie om familie og dei banda ein har der. Foreldre og familie har ein uansett – på godt og vondt.

Ingelin Røssland og Bjørn Sortland kjem med tips til elevar som skal skriva særoppgåve. Foto: Foto: Lars Myhren Holand/Samlaget og Janne Solgaard/Aschehoug