Elise Solvåg
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Isla Bonita er ein spenningsroman om ein ferietur til Kanariøyene som ikkje gjekk heilt som planlagt. (Og eg kan stadfeste at det er San Pedro frå Madonna sin hit «La Isla Bonita» dei er i. Søk opp songen om du ikkje kjenner til han!)

Romanen passar godt for deg mellom fjorten og atten, spesielt om du er ein gut. Vi treng fleire gode bøker innan same sjanger, og med Isla Bonita kjem vi langt på veg.

Kven er Julieta?

Det er november, og Carlo er nettopp komen til den vesle byen San Pedro på ferieøya Isla Bonita saman med mor si. Carlo skulle gjerne ha reist på eit meir normalt tidspunkt for ein sydentur, men mora er kunstar og ei veldig fri sjel. Så no er dei her for ei lita veke. For Carlo sin del, har han ikkje trua på at turen skal bli spesielt spennande – så ser han ei blond jente danse til bongotrommer på strandpromenaden og veit at han må finne henne att.

Isla Bonita
Terje Torkildsen
Samlaget 2019

Men når han møter Julieta, viser det seg raskt at ho ikkje er så søt og engleaktig som ein skulle tru, og Carlo hamnar mellom politiet, ein danske med pistol og ein daud flyktning. Korleis heng dette saman, og kven er eigentleg Julieta?

Tunge tema og vittige observasjonar

Boka opnar med at Carlo ser Julieta, og stemninga for resten av boka er satt. Det er ei dramatisk historie som tek føre seg både flyktningskrisa, narkotikasmugling, sex og barnevern. Dette er rett nok ganske store og tunge tema, men Torkildsen sper i med ungdomsforelsking, humoristiske scener og ei komisk mor. Vi får skildra Carlo sine første møter med sex og alkohol, men på ein velbalansert måte. Språket er heller ikkje så verst. Det er rett fram, med ein del vittige observasjonar og refleksjonar undervegs.

Boka er ganske spennande og dramatisk, men utan å overdrive. I tillegg er slutten ganske open, så her er det gode moglegheiter for ein oppfølgjar.

Om det er noko som manglar, så er det litt stramare redigering. Tempoet er kanskje hakket for treigt for min smak. Kapitla skulle vore litt kortare og hatt fleire cliffhangers, og meir av dramatikken vi blir fortalt om skulle vore utspelen. (Det er jo ikkje ein gresk tragedie, det her.)

Alt i alt er dette ein god spenningsroman, og eg kan trygt anbefale boka!

Lurer du på kva bøker kjendisane les? Det får du svaret på her! 

Skodespelar Carl Martin Eggesbø og musikar Emilie Nicolas er «bokambassadørar» i Bokåret 2019. Foto: Foreningen !les

Terje Torkildsen (f. 1971)

  • Debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco.
  • I 2009 kom den første boka i firebokserien DYSTOPIA 2014.
  • Har vunne Uprisen to gongar: i 2009 for Marki Marco og i 2012 for Dystopia III