Halvparten av britiske studentar vil stemme taktisk grunna Brexit

No er Brexit viktigare enn studentsaker som skulepengar. 70 prosent av dei unge vil ha ei ny folkeavstemming.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir enn halvparten av britiske studentar er budde på å stemme taktisk i det komande valet – på grunn av Brexit.

Det syner ei undersøking frå Higher Education Policy Institute (HEPI), melder BBC.

Heile 53 prosent av studentane svarar at dei vil stemme på ein måte som maksimerer sjansane for den sida dei tilhøyrer – ja til Brexit eller nei. Berrre 15 prosent seier dei ikkje er villige til å stemme taktisk, medan 33 prosent er nøytrale.

Dei taktiske vala inneber mellom anna kva krins studentane vel å stemme i – der dei studerer eller på heimstaden – og kandidatvalet. Kven har best vinnar-sjanse?

For to år sidan var 47 prosent villige til å stemme taktisk.

Brexit > student-saker

Det britiske folket går til stemmeurnene 12. desember, etter EU gav Storbritannia nok ein utvida tidsfrist på å godta Brexit-avtala. No håpar statsminister Boris Johnson at eit nyval, og dermed eit nytt britisk Underhus, skal sikre fleirtal for avtala.

Sidan folkeavstemminga i 2016 slo fast at Storbritannia skulle forlate EU, har Brexit segla fram som ei av dei desidert viktigaste politiske sakene for britar flest. Det ser ut til å også gjelde for studentar.

Direktør for HEPI, Nick Hillman, seier til BBC at Brexit no ser ut til å ha større tyding for korleis studentar vil stemme enn «studentsaker» som skulepengar. 71 prosent av studentveljarane sa at Brexit ville påverke korleis dei stemmer.

Samstundes vil 70 prosent av dei ha ei ny folkeavstemming, og heile 75 prosent av studentveljarane forventar at Brexit vil påverke framtidsmogelegheitene deira negativt.

Undersøkinga vart utført i oktober, før nyvalet 12. desember vart skrive ut. Youthsight har utført meiningmålinga, og har eit panel på 150 000 personar mellom 16 og 30 år.