Brexit-motstandarar mest skeptiske til meiningsmotstandarar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir enn ein tredjedel av britane som vil at Storbritannia skal bli i EU hadde teke det ille opp dersom eit nært familiemedlem hadde gifta seg med ein person frå leave-fløyen. Det viser ei undersøking gjort av YouGov for den britiske avisa The Times.

Les innlegget: Difor er folkerøystingar udemokratiske

Einige med kollegaar og vener

Spørjeundersøkinga inkluderer 1701 britar og vart gjennomført 13. og 14. januar 2019.

Undersøkinga avslører kor lite dei to ulike Brexit-fløyane har å gjere med kvarandre. Berre 8 prosent av britane trur at fleirtalet av kollegaane deira røysta motsett av dei sjølv.

62 prosent av dei som vil bli i EU seier at alle eller brorparten av venene deler deira syn på saka. Tilsvarande tal for leave-fløyen er 51 prosent.

Ein rapport frå 2017 viste ei kraftig auke i hatkriminalitet i Storbritannia etter Brexitavstemminga.

Yngre meir skeptiske til meiningsmotstandarar

Av dei 37 prosentane som hadde vorte plaga dersom eit familiemedlem gifta seg med ein brexit-forkjempar svara 11 prosent at det ville plaga dei mykje.

På motsett side svara berre 11 prosent av brexit-forkjemparane at dei ville verte plaga dersom dei fekk ein brexit-motstandar inn i familien.

Dei yngste EU-venlege britane ser ut til å vere dei som har minst til overs for sine meiningsmotstandarar. Berre 53 prosent av brexit-motstandarane i alderen 18-24 år synest det er heilt greitt å få ein brexit-forkjempar inn i familien.

«Brexit» årets ord i Storbritannia