Helsesista Tale Maria Krohn Engvik har tulla og tøysa, vist veg og vore ein trygg vaksen- og fagperson for ungdommar som følger henne på Snapchat, i snart 2,5 år. No har ho skrive boka «Våg å være».
NPK-Beate Haugtrø
NPK-Beate Haugtrø
– Tale du skriv med hjartet i fingertuppane dine, sa ein av dei unge følgarane mine. Det trur eg er det finaste komplimentet eg har fått nokon gong. Når eg har skrive boka har eg hatt det med meg i tankane, seier Tale Maria Krohn Engvik (40), kjent som Helsesista.

Engvik er utdanna helsesjukepleiar og jobba tidlegare som helsesøster for fire skular i Oslo. Det var då ho ikkje fekk tid til alle elevane at Snapchat-kontoen Helsesista vart til.

I dag har kontoen 200.000 følgarar, og dei siste 2,5 åra har ho både vore Helsesista på Snapchat, laga TV-serie og reist rundt i heile landet for å halde foredrag for ungdommar og vaksne.

I boka «Våg å være» tar ho med seg erfaringar både som helsesjukepleiar og frå Snapchat, og skriv om tema som sjølvmordstankar, kropp, sex og kjærleik. Ho deler òg frå dagbøkene ho sjølv skreiv som ung, og ting ho opplevde i ungdomstida.

Mormor Ellen Louise Krohn er forbildet til «Helsesista» Tale Maria Krohn Engvik. – Ho var kanskje det snillaste og gladaste mennesket eg har møtt. Mormor hadde ein sånn effekt på folk at om dei møtte ho så følte dei seg betre etterpå. Eg har på ein måte mormor med meg i måten eg møter folk på, seier Engvik. Foto: Privat

Mormor i Molde

Måten ho møter andre på har ho med seg frå mormor Ellen Louise Krohn i Molde.

– Ho var kanskje det snillaste og gladaste mennesket eg har møtt. Mormor hadde ein sånn effekt på folk at om dei møtte ho, så følte dei seg betre etterpå. Ho prøvde aldri å imponere nokon, og dreiv heller aldri med skitsnakk. Ho kunne skravle om alt mogleg rart, men eg hugsar det berre som veldig positivt. Ho var ei som alle vart glade av å møte.

Engvik tenker sjølv mykje på korleis det er for andre å møte henne på Snapchat eller ansikt til ansikt.

– Eg har på ein måte mormor med meg i måten eg møter folk på, seier ho.

Øver på å gjere flaue ting

Nesten kvar dag kan dei som følger Helsesista på Snapchat, ta opp mobilen, trykke seg inn på kontoen hennar og møte ei dame som både tek opp vanskelege tema, men som også skrålar på ein morgonsong medan ho er ute og går på gata. Gjerne med håret litt i alle retningar.

Og mange gongar svarer ho ungdommar på ting dei lurer på. Om ho får lov, deler ho nokre av samtalane anonymt, så alle følgarane kan lese og svare, og støtte kvarandre.

– Om nokon står i noko som er vanskeleg og eg deler det anonymt, så opplever dei at andre heier veldig på dei.

Iblant speler ho rollespel. Da er ho Kevin Kristoffer, ein 15 år gammal gut som synest det meste er flaut, og som ikkje liker å prate så mykje om vanskelege ting.

Alteregoet Kevin

Her om dagen tok Engvik på seg hettejakka, skateskoa og dei baggy buksene og la ein sokk ned i trusa for å leve seg inn i rolla som Kevin. Ikkje berre for ei lita stund, men heile dagen.

– Kroppsspråket og stemma og alt blir heilt annleis når eg er Kevin, fortel ho.

Kevin leverte barna hennar på skolen, gjekk på jobb på forlaget Cappelen, gjekk i kantina, og på herredoen, fordi det kjentest rart å skulle gå på damedoen. Da ho skulle hente ungane på SFO, kom ho til å tenke på at ho ikkje hadde gitt beskjed om at det kom ein gut og henta ungane den dagen.

Fjas med ein tanke bak

Men når Engvik tullar og fjasar og gjer rare ting, så har det ein grunn.

– Mange unge lurer ofte på om dei er rare eller annleis eller galne. Om dei ser at eg er rar, og gjer ting som gjer at dei «døyr litt innvendig», som dei kallar det, da blir dei ikkje så bekymra.

– Kanskje føler dei seg litt meir vanlege eller blir inspirerte til å leike og tulle meir og ikkje ta seg sjølv så høgtideleg. Mange er veldig opptatte av kva alle tenker om dei heile tida.

Ikkje alle utanforståande forstår kvifor ho gjer som ho gjer, men det bryr ho seg lite om.

– Dei som kjenner meg og følger meg, forstår tanken bak og at det ligg mykje respekt i det eg gjer, seier Engvik.

At ho gir mykje av seg sjølv, samtidig som ho viser at ho bryr seg, har skapt mykje kjærleik i og utanfor Snapchat-universet.

Gutegjengar på 18 år kan komme bort og klemme Helsesista på gata. Og etter foredrag står ungdommane i kø for ein klem.

– Eg held dei akkurat så lenge eg kjenner at dei toler. Og så ladar eg kjærleik, tar det skikkeleg inn. Det trur eg dei merkar, for eg kan få høyre «eg har aldri før fått ein så god klem».

Når andre vaksne skal møtast til middagsselskap, vil Tale Maria Krohn Engvik heller klatre. – Om ungdommane ser at eg er rar, og gjer ting som gjer at dei «døyr litt innvendig», som dei kallar det, da blir dei ikkje så bekymra, seier Engvik. Foto: Beate Haugtrø / NPK

«Våg å være»

Boka heiter «Våg å være», eit slagord som har følgt Helsesista heilt frå start.

– Det har vorte eit sterkt slagord, som eg føler eg kan seie til alle både barn, ungdommar, vaksne og meg sjølv. Nokre gongar kan det stå heilt åleine.

Mange gongar har ho fått melding frå ungdommar som ikkje orkar meir, og som ho innstendig oppfordrar til å snakke med nokon og ikkje gi opp.

– Når ein ikkje orkar det vonde kaoset i seg, da må ein verkeleg våge å vere og stå i det og halde ut.

Andre gongar handlar det om å våge å bli kjent med seg sjølv og vere i seg sjølv og møte utfordringane som dukkar opp.

Engvik meiner vi definerer og dømmer kvarandre for mykje, og at det er med på å gjere livet for trongt.

– Om nokon har ei legning eller tru eller diagnose, så er det som om at dei må leve opp til det, i staden for å bli sett som eit menneske med heile seg. Nokon set seg over andre. Men statsministeren er ikkje meir verd enn ein som sit på gata med ein kopp framfor seg. Men det er det mange som trur, seier Helsesista.

Oppdatert: onsdag 23. oktober 2019 10.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE