Mystisk nytt stoff kan redusere metanutslepp frå kyr

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Da vi testa det i laboratoriet, såg vi stort sett inga metandanning. Den var redusert med 99 prosent eller der omkring, slik at metanproduksjonen stort sett blei eliminert.

Det seier professor Mette Olaf Nielsen ved Aarhus Universitets Institut for Husdyrvidenskab til Ingeniøren.dk gjeve att av Teknisk Ukeblad.

Forskarane har til no testa stoffet i laboratorium, men håpar å få testa på levande dyr. Stoffet er ei fôrtilsetjing, men forskarane vil ikkje seie noko om innhaldet.

– Det som pleier å ta lengst tid, er å få eit stoff godkjent til bruk i matvareproduksjon. Men dette stoffet er allereie godkjent av dei europeiske matvarestyresmaktene, så eg håper at ein vil kunne hoppe over nokre ledd på bakgrunn av dette. Men dette er noko av det som vi må undersøkje, seier Nielsen.

Prompande kyr er ei av dei største kjeldene til drivhusgassar i verda. Mikroorganismar i magane til kyrne dannar metan. På verdsbasis reknar ein med at 5,8 prosent av dei menneskeskapte drivhusgassane kjem frå drøvtyggarar som kveg og sauer.