Tinder for kyr skal lette avlsjobben

Ein ny «sjekkeapp» skal hjelpe bønder å finne ein partnar for storfea sine.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein app frå Storbritannia kalla «Tudder» – T frå sjekkeappen Tinder og udder for det engelske ordet jur – gir bønder lettare tilgang til paringsarkivet til engelske SellMyLivestock, som disponerer dyr frå 42.000 gardar over heile landet, skriv Nationen.

I appen kan ein, som på Tinder, sveipe til høgre for ja og til venstre for eit nei i jakta på den perfekte storfematchen.

Appen blir ønskt velkommen av bonden Marcus Lapard frå Wales, som seier til Bloomberg at han må stenge ned drifta på garden i minst to veker når han dreg til eit fesjå med ein okse. Han meiner appen vil gjere det enklare å omsetje storfe.

Les også: Forskarar fôrar kyr med tang for å kutte klima-rap