Mens låginntektsgrupper planlegg å bruke 30 prosent mindre på julegåver i år enn i fjor, reknar folk med millioninntekt med å auke forbruket med 16 prosent.
NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo
NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo

Vaksne i hushald med inntekt på inntil 400.000 kroner planlegg å bruke 2.750 kroner kvar på julegåver, viser ein studie YouGov har gjennomført på oppdrag for Nordea. Det er ein kraftig nedgang frå 3.860 kroner i fjor.

– Klasseskiljet blir gjerne tydelegare i julehøgtida, konstaterer forbrukarøkonom Elin Reitan i Nordea.

– Dette kan vere ei tung bør å bere for mange, spesielt for barna. Mykje kan likevel gjerast dersom du snakkar med barna om kva forventningar dei har til jul og forklarar kvifor det ikkje er mogleg å innfri alle ønske, legg ho til.

Undersøkinga avdekkjer at vaksne i hushald med millioninntekt planlegg å spandere julegåver for nesten 9.000 kroner kvar i år. Det er ein kraftig oppgang frå i fjor for personar i denne gruppa. Då låg gåveforbruket på 7.600 kroner.

– Jula er ei forbruksdriven og kapitalkrevjande høgtid. For mange kan det vere krevjande å innfri forventningane, både frå andre og seg sjølve, seier Reitan.

Kjøpepress

Gjennomsnittsnordmannen planlegg å bruke 5.200 kroner på julegåver i år. Mens menn og kvinner brukar omtrent like mykje på gåver, viser studien at folk på 55–65 år brukar over dobbelt så mykje som dei mellom 18 og 25.

For gruppa som tener mellom 400.000 og 600.000, er det ein oppgang på 11 prosent frå i fjor til i år i julegåveforbruket, mens det er ein viss nedgang i pengebruken blant dei husstandane som totalt sett tener mellom 600.000 og 1 million.

Virke anslo nyleg at nordmenn vil handle for rundt 10.700 kroner kvar i desember i år. Av dette vil 4.460 kroner gå til daglegvarer, mens 6.250 vil bli brukt i andre butikkar.

Reitan åtvarar mot å la seg rive med av gåve- og kjøpepress.

– Redselen for å virke gjerrig kan bidra til at vi kjøper for meir, og til fleire, enn vi strengt tatt må, seier ho.

– Samtidig jobbar vi gjerne hardt for å innfri forventningar frå omgjevnadane. Spesielt barna ønsker vi ikkje å skuffe på ein dag som denne. For mange kan belastinga bli stor.

Lik trend

Når det gjeld totalt juleforbruk, er trenden den same som for julegåver: Familiane med pengar planlegg å bruke mykje meir enn i fjor, mens låginntektsfamiliar strammar inn på forbruket.

Hushald med under 400.000 kroner i samla inntekt tar sikte på å kutte sitt totale juleforbruk med 21 prosent, frå 6.000 til 4.750 kroner per vaksne person.

I motsett ende av skalaen vil dei med over 1 million i hushaldsinntekt auke forbruket frå knappe 13.000 til 15.450 kroner per person – eller 20 prosent.

Reitan har fleire råd ved inngangen til ei hektisk førjulstid: skriv gåveliste, sett budsjettmål, vurder kutt i talet på gåver og ikkje kjøp julegåver på kreditt.

– For å redusere risikoen for å kaste mat er det lurt å vise måtehald når du handlar julematen. Butikkane er også opne i jula, seier forbrukarøkonomen.

Oppdatert: måndag 18. desember 2017 19.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE