Vil ikkje gi norske elevar streikerett

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I mai fremja MDG-politikar Une Aina Bastholm eit representantforslag for Stortinget om at norske elevar bør få streikerett.

Sosialistisk Venstreparti støttar òg forslaget, som skal behandlast i Stortinget neste veke. Men Stortingets utdanningskomité, som har behandla saka, støttar ikkje forslaget, melder VG.no.

Dei fryktar at å opna for streik som gyldig fråvær i skulen kan få store konsekvensar for kor mykje elevane er på skulen.

Kunnskaps- og integreringsminister
Jan Tore Sanner (H). Foto: Marte Garmann, Regjeringen.no

Sanner: – Hovudregelen er at streik ikkje gir unntak

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) understreka i VG i samband med klimastreiken i mars at:

– Hovudregelen er at streik ikkje gir unntak frå fråværsgrensa, sjølv om det er mange gode formål å streike for.

Både SV og Senterpartipolitikarane i komiteen peika på at reglane vart praktisert ulikt ved ulike skular.

Senterpartirepresentantane støtta intensjonen om at det skal vere lettare å få politisk fråvær, men meiner avgjerda må vere opp til den enkelte skule og støtta difor ikkje eit forslag om generell streikerett for elevar, kan ein lese i tilrådinga.

Les også: Elevorganisasjonen: – Elevar bør ha streikerett

Elevleiar: – Ikkje noko einsarta praksis

Allereie i forkant av den første nasjonale skulestreiken for klima 7. september 2018 løfta Elevorganisasjonen saka om at norske elevar bør ha streikerett. Dei meiner den omdiskuterte fråværsgrensa har gjort det vanskelegare for elevar å engasjere seg.

Leiar i Elevorganisasjonen, Alida de Lange D’Agostino, er skuffa over utdanningspolitikarane på Stortinget.

– Det viser at dei ikkje heilt har tatt på alvor det enorme engasjementet som elevane har vist i det siste. Mange vegrar seg for å engasjera seg fordi dei er redde for registrert fråvær. Då er me jo prisgitt kvar enkelt skuleleiing, det gjev ikkje noko einsarta praksis, seier ho til VG.

  • Les også: Trassar fråværsgrensa i klimastreik: – Understrekar alvoret

    – Me er her for å visa at me unge bryr oss om klima. Me er her fordi me er bekymra for framtida vår, seier leiar i Stord SU Olai Sørvik (16) (t.v.) saman med Lars Torkelsen Kristensen (16) og Kenan Hajouz (17). Torsdag 14. mars arrangerte dei skulestreik for klima. Foto: Svein Olav B. Langåker