Chlöe Swarbrick (25) stilnar alderskritikaren: – OK, boomer

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I år 2050 vil eg vere 56 år gamal, likevel er snittalderen på dette 52. parlamentet 49 år, seier Chlöe Swarbrick frå talarstolen i parlamentet i New Zealand.

Her vert politikaren frå Det grøne partiet avbroten frå salen, men viftar det kjapt vekk med ei handrørsle og kommentaren «OK, boomer».

Kommentaren til den unge politikaren har vorte omtalt av både av CNN og BBC.

Historisk fleirtal

Swarbrick var i ferd med å snakka om New Zealand si nye nullutsleppslov, som tek sikte på å gjera landet karbonnøytralt innan 2050.

Lova tek sikte på at landet skal jobba for å få ned utsleppa sine både frå landbruket og andre utsleppskjelder, slik at dei jobbar for å avgrensa den globale oppvarminga til 1,5 grader.

Lovforslaget til statsminister Jacinda Arden vart vedteke med eit overveldande fleirtal – 119 mot éin, melder The Guardian.

Men kva er ein «boomer»?

Om den eine personen som stemte imot lovforslaget er den same som avbraut Swarbrick med ein kommentar om alderen hennar under innlegget vitast ikkje.

Det som er sikkert er at 25-åringen, som er yngste personen som er valt inn i parlamentet sidan 1975, sette hen på plass.

I ein Facebook-post fortel politikaren at responsen hennar har gjort folk veldig sinte:

Og til den New Zealandske nettstaden Stuff forklarar ho at utrykket «OK boomer» er ei enkel oppsummering av ei kollektiv utmatting. Denne utmattinga kjem til utrykk frå den klimaengasjerte generasjonen som vert kalla Generation Z eller millennials og rettar seg mot generasjonen som er fødd etter andre verdskrigen, då det saman med freden kom ein babyboom.

Uttrykket er ein meme som stammar frå det sosiale mediet TikTok. Det byrja med kritikken frå denne eldre herremannen:

Og utvikla seg vidare derifrå: