Den snikande kjensla av å ikkje høyre heime

Carima Tirilldottir Heinsen, redaktør i Antirasistisk.no
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget vart først publisert på Antirasistisk.no, og er sett om og gjengjeve med velvilje.

Gjennom store delar av barne- og ungdomsskulen var eg månadleg innom rektor sitt kontor. Ikkje fordi eg var ein vanskeleg elev, men for å sladra på folk som hadde sagt eller gjort rasistiske ting, anten mot søstera mi, eller meg. Som usikker tenåring var det ille nok i seg sjølv å sladra på medelevar. Dei «kule» elevane var ofte dei same som kom med rasistiske utsegn, og som ein av svært få elevar med melaninrik hud, var det heller ikkje noko problem å skjøne kven sladraren var.

Ufordrande å bedømma om det var «ille nok»

Noko anna eg opplevde som utfordrande, var å bedømma når det rasistiske innhaldet var «ille nok» til at det var greitt å gå til rektor. For korleis kan ein eigentleg sidestilla det å oppleva å bli kasta ting etter, eller bli skrike «neger» til av medelevar kledd i klede pryda med sørstatsflagg, med ein som fortel ein uskuldig «negervits», eller presiserer at hen ikkje er rasist, berre rasebevisst?

Når det kjem til vitsane, og til rasebevisstheita enda det som regel med at eg berre lo med. Unnskylda dei med at dette skulle vera morosamt. At det var humor – og at det var eg som var den hårsåre som reagerte negativt på ein vits. Men bak låtten låg det alltid ei kjensle av å ikkje vera ein fullstendig del av venegjengen. Nokre gonger måtte eg gå ut så ingen skulle sjå at augo mine fylte seg med tårer. Dei hendingane etterlot seg alltid ein stor klump i magen.

Kjensla av å ikkje høyre til kom snikande

I dag tidleg, medan eg framleis låg i senga og scrolla på mobilen, dukka det opp eit klipp frå ei sending gjengen i Radioresepsjonen hadde for eit par dagar sidan. Då eg høyrte Tore Sagen, ein fyr eg vanlegvis synest er både morosam og flink, fortelja om korleis han skamma seg over å tenke at «Negere er nærmere aper enn vi hvite er», kjente eg den same klumpen i magen. Og kjensla av å ikkje høyre til kom snikande.

Innslaget er kanskje meint som humor, men no som eg er vaksen skal eg ta kjensla av ubehag på alvor. Eg skal sladra til NRK gjennom Kringkastningsrådet fordi eg synest det er særs ugreitt at innverknadssrike mediepersonlegheiter, tilsett i statskanalen vår gjer seg morosamme med rasistiske utsegn i beste sendetid.

Eg seier ikkje at Tore Sagen er rasist, han er nok heller tankelaus. Men eg håpar han tenker seg betre om neste gong. For folkens, uansett om den melaninrike i gjengen ler med, så er det stort sannsyn for at ho eller han har det ugreitt på innsida.

Har du noko på hjarta? Send oss meiningsinnlegg på tips(a)framtida.no!

«Brudeferd i Hardanger» (1884) av Adolph Tidemand og Hans Gude har vorte eit bilete på det nasjonalromantiske Noreg. Torkel Eikevik tek eit oppgjer med dei som ikkje vil la andre bli med på ferda.

«Brudeferd i Hardanger» (1884) av Adolph Tidemand og Hans Gude har vorte eit bilete på det nasjonalromantiske Noreg. Torkel Eikevik tek eit oppgjer med dei som ikkje vil la andre bli med på ferda.