Fast nynorskklasse i Bergen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs Mållag håpar det er eit grep som vil gjere det lettare å få til nynorskklasse for dei foreldra som har ønskt det for ungane sine, og ikkje fått det til.

Leiaren i Noregs Mållag er godt nøgd med at komitéinnstillinga går inn for målretta tiltak. Foto: Noregs Mållag

– Det er offensivt av kommunen å prøve seg på dette no, seier mållagsleiar Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

Han synest også det er fleire andre positive tiltak som vil gje nynorsk betre vilkår i skulen.

– Frå tredje trinn skal alle elevar få ei systematisk opplæring i både nynorsk og bokmål, og i heile Bergen kommune skal det leggjast til rette for nynorske parallellklassar dersom foreldra til minst 10 elevar ønsker det. I Arna vil byrådet ta tak for å hindre språkskifte frå nynorsk til bokmål.

Det er i byrådserklæringa at desse tiltaka er lista opp.

Nynorskvennleg byråd

– Med den nye plattforma viser det nye byrådet i Bergen og leiar Roger Valhammer at dei er minst like nynorskvennlege som førre byråd, seier Magne Aasbrenn.

I byrådsplattforma heiter det at Bergen er hovudstaden på Vestlandet og at nynorsk er ein sentral del av den regionale identiteten. Summen av tiltaka som no er varsla, gjer at denne plattforma må karakteriserast som banebrytande og historisk, meiner mållagsleiaren.

Nell Mathea Nygård Mjøen (15) og mora Lis Mona Mjøen (47) lærer seg samisk saman og er begge like ivrige over å finna tilbake til språket som oldemor og bestemor ikkje fekk snakka.