Livreddande dronar: – Eit stort framsteg

Framtida
Publisert
Oppdatert 28.09.2021 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først publisert i kampanjeavisa til Verdens Beste Nyheter, og er sett om til nynorsk av Framtida.no. 

Bakgrunnsglobe: TUBS/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0. Collage: Framtida.no

Vanuatu i Oseania består av 83 vulkanske øyer, og berre ein tredel av landområdet har bilvegar eller lufttilgang.

Det er ikkje sjeldan at helsehjelp må transporterast med «banan båtar» – små lokale båtar som vert puslete mot Stillehavet si rå kraft.

Der kor ein ikkje må ta den lange vegen til havs har Vanuatu sine øyar vanskelege fjellovergangar, often utan tilstrekkelege vegar eller med myrlagde stiar som einaste gjennomfartsveg.

Geografiske utfordringar er ein av dei viktigaste grunnane til at landet let 20 prosent av barna gå uvaksinerte. Håpet er at dronar kan endre dette.

– Enormt potensial

I samarbeid med Australia, Det globale fondet, og UNICEF har Vanuatu blitt verdas første land til å opprette kommersielle kontraktar med eit dronerfirma til helseformål.

– Dagens leveranse er den første av sin type, og har enormt potensial for ikkje berre Vanuatu, men også for tusener av uvaksinerte barn i heile verda. Dagens korte droneflyging er eit stort framsteg for global helse, uttalte Henrietta H. Fore, UNICEF sin administrerande direktør, under den første droneleveringa.

Sjå video frå då den første vaksineleveransen kom med ein drone: 

  • Les også artikkelserien om teknologiske framsteg og korleis det påverkar framtida: Tenkologi! 

Flygande helsehjelp

Dette er Vanuatu sin første bruk av droner i helsesamanheng, men det er langt frå den første globale.

Dronar har for lengst innteke helse og humanitær-sektoren med stor suksess. På Papua Ny-Guinea vert dronar brukte til å transportere utstyr og prøver for tuberkulose. I Malawi har ein langt større del av befolkninga enn før no tilbodet om HIV/AIDS-testing, med utstyr som har kome inn via små dronar. Over slettene i Rwanda har dronar vorte brukte til å overlevere bloddonasjonar.

Men ein drone er til sjuande og sist berre eit transportmiddel.

I Rwanda må det framleis vere kvalifiserte legar som gjennomfører blodoverføringar, og på Vanuatu er befolkninga framleis avhengig av sjukepleiarar som Miriam Nampil frå Port Narvin. Men dronar kan vere ein del av løysinga, og er eit døme på korleis moderne teknologi kan gjere kvardagen lettare for dei som jobbar på vanskelegstilte stadar verda over.

Sjukepleiar Miriam må framleis gå dei lange kilometrane til Cook’s Bay – men ho treng ikkje lenger å bere og halde dei tunge sekkane med vaksiner kalde. Det er det ein liten drone som skal gjere.

Nikolai Helth Gaukås syner fram ei prøve på 1×1 cm. Foto: Julie Gloppe Solem/NTNU.