Forsuring av debattklimaet

Mats Henriksen, formann Trøndelag FpU og lokalpolitikar for FrP i Levanger.
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I Adresseavisen 17.10 skriv AP-lokalpolitiker i Levanger Oda Okkenhaug eit innlegg om at det må takast eit oppgjer mot rasisme i Noreg, samstundes som ho går hardt ut mot FrP.  

Eg er heilt einig med Okkenhaug i at vi aldri skal akseptere rasisme i Noreg. Det er alle dei politiske partia på Stortinget einige om. Det eg ikkje er einig med Okkenhaug i, er at FrP er ansvarleg for muslimhat i Noreg. I innlegget sprer ho også usanningar om FrP. 

– Svært alvorlege skuldingar

Okkenhaug skriv at FrP påstår at tilhengarar av éin religion har som mål å overta Noreg. Ho skriv vidare at FrP sin retorikk om muslimar og muslimske skikkar er «avskyeleg, rasistisk og har pågått i for lang tid». Ho gir også honnør til Abid Raja si stempling av retorikken til FrP som «brun», som altså per definisjon betyr nazistisk, ein ordbruk Raja sjølv seinare modererte.

Desse skuldingane mot Noregs tredje største politiske parti er svært alvorlege. FrP har aldri sagt at muslimane har som mål å ta over Noreg. Eg kjenner meg ikkje igjen i at FrP sin retorikk er avskyeleg og rasistisk. Eg er heller ikkje medlem av eit nazistisk parti eller eit parti med nazistisk retorikk.

Okkenhaug tek feil, og ho er bidragsytar til å legge lokk på ein svært viktig debatt.  

Det er ikkje muslimhets å stå opp for religionsfridom, likestilling og homofile sine rettar.

– Legitimt å snakke om utfordring med innvandring

Det skal vere heilt legitimt å snakke om innvandringspolitikk og utfordringane høg innvandring over kort tid kan føre med seg.

Konsekvensane av dårleg integrering har vi allereie sett i Sverige, der styresmaktene har mista kontroll over fleire område. Det er legitimt å snakke om kostnadane og konsekvensane dårleg integrering og høg innvandring vil ha for Noreg og velferdsstaten.

Det er også legitimt å snakke om haldningar som ein del av innvandrarbefolkinga tek med seg til Noreg. Mange av desse haldningane er haldningar som er i strid med norske verdiar, det som gjer Noreg til Noreg. Det er ikkje muslimhets å stå opp for religionsfridom, likestilling og homofile sine rettar.

Å ta opp problematiske verdiar handlar om å tørre å ta ein veldig viktig debatt, nemleg debatten om kva verdiar som skal ligge til grunn i Noreg. Og nei, vi har aldri påstått at alle flyktningar tek med seg desse haldningane til Noreg, eller at det ikkje finst problematiske haldningar hos nordmenn heller. Men det er eit ubestridt faktum at fridomen vi tek for gitt i Noreg, ikkje er ei sjølvfølge i mange andre land der ein del flyktningar kjem frå.  

Ein skal sjølvsagt ikkje halde eit heilt folkeslag ansvarlege for haldningar som enkeltmenneske har. På same måte skal ein heller ikkje halda eit heilt politisk parti ansvarleg for muslimhat.

– Skal ikkje akseptere at venstresida prøver å kneble politikarar

Regjeringa har i lengre tid jobba mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnlemlesting. Dette er utfordringar vi har sett stadig meir av dei siste åra, og er utfordringar som stort sett stammar frå andre kulturar.

Det er ikkje rasistisk og avskyeleg å påpeike at vi ikkje skal ha det slik i Noreg, det handlar om å vere ansvarleg. Det handlar om å verne om kvinner og kvinnar sine rettar. Vi skal aldri akseptere at kvinner eller nokon andre føler seg utrygge i Noreg. Vi skal heller ikkje akseptere at venstresida prøver å kneble politikarar som påpeikar desse utfordringane som «rasistiske og avskyelege». 

Ein skal sjølvsagt ikkje halde eit heilt folkeslag ansvarlege for haldningar som enkeltmenneske har. På same måte skal ein heller ikkje halda eit heilt politisk parti ansvarleg for muslimhat.

FrP sin innvandringspolitiske talsmann Jon Helgheim har teke tydeleg avstand frå moske-angrepet og haldningane som førte til det. Han uttalte at vald mot muslimar og andre grupper vekker enorm avsky.

Justisminister Jøran Kallmyr uttalte at «alle må få lov å ha sin egen religion i Norge. Et angrep på religion, enten der er i en moské, en synagoge eller en kirke, det fordømmer vi på det sterkeste.» Regjeringa, med FrP i spissen har bestemt å lage ein handlingsplan mot muslimhat. Det er bra!

– Vil i verste fall gå utover innbyggarane

Dersom ein ynskjer ein god og anstendig debatt, bør ein også ha respekt for politiske motstandarar. Eg er sjølv vara for FrP til det same kommunestyret som Okkenhaug er fast medlem av.

Dei siste åra har det vore eit godt lokalt samarbeidsklima mellom alle dei politiske partia, frå SV til FrP. Dette har gjort at vi saman har kome fram til gode løysingar for våre innbyggarar.

Dersom Okkenhaug og Levanger AP meiner at FrP er rasistiske, nazistiske og har avskyelege haldningar, vil vi få ein surare og meir polarisert samfunnsdebatt. Det vil i verste fall gå utover innbyggarane i kommunen og tenestene vi som politikarar i fellesskap skal skape til det beste for alle.

 Har du noko på hjarta? Send oss innlegg eller tips til tips(a)framtida.no.

Oda Okkenhaug