– Eit skrikande behov for rasismeoppgjer i norsk politikk

Oda Okkenhaug - Masterstudent i likestilling og mangfald ved NTNU, Utøya-pårørande og Ap-politikar i Levanger.
– Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget stod først publisert i Adresseavisen og er gjengjeve og omsett med velvilje.

Abid Raja gjekk i midten av september hardt ut mot Framstegspartiet og deira retorikk, særleg for bruken av omgepet «snikislamisering». Raja kritiserte Frp for å spre «brun propaganda», og meiner ordbruken manglar anstendigheit.

Frp formidlar med sin retorikk at tilhengjarar av éin religion har som mål å overta Noreg. Raja sin kronikk kritiserer dette, og er eit forsøk på eit etterlengta oppgjer med retorikken og debattklimaet i det politiske Norge.

Samhald og minnemarkering

Laurdag 10. august vart 17 år gamle Johanne Zhangjia Ihle-Hansen drept av sin stebror, før sistnemnde fòr vidare til Al-Noor Islamic Centre der han byrja å skyte rundt seg. Målet var å ta livet av så mange muslimar som mogleg. Heldigvis vart ingen skadd i angrepet.

Torsdag 22. august, drygt to veker seinare, besøkte Kronprins Haakon moskeen. Kronprinsen skildra terrorhandlinga som eit angrep på «det samfunnet vi prøver å bygge opp i Norge hvor alle skal føle seg trygge».

Same dag vert det halde ei minnemarkering etter terrorangrepet og drapet på Johanne. Bærum kommune skriv på sine sider «samhold og nærhet skal vinne over hatefulle ytringer og handlinger», og regjeringa vedtek å lage ein nasjonal handlingsplan mot hat og rasisme mot muslimar.

«Snikislamisering» tilbake i debatten

Det var likevel ikkje regjeringa si avgjerd om å lage ein handlingsplan mot muslimhat, minnemarkeringa eller dei fine orda om samhald som sto i fokus etter 22. august.

Kronprins Haakon sitt besøk fekk mest merksemd, fordi Siv Jensen beit seg merke i at kvinnelege medlem i Al-Noor-moskeen ikkje ønska å handhelse på kronprinsen.

2. september, mindre enn ein månad etter terrorangrepet, skriv Jensen i ein kronikk i VG at «snikislamisering» igjen er aktuelt. Ho skriv at dersom vi godtar at «personer nekter å håndhilse på det motsatte kjønn, godtar vi religiøse særkrav».

Omgrepet «snikislamisering» sitt inntog i den norske debatten i 2009, då Siv Jensen kritiserte tilpassingane som vart gjort for muslimar i Norge, eksemplifisert med servering av halalmat på norske skular.

Frp er det einaste partiet som fryktar snikislamisering av Noreg. Erna Solberg har uttalt at «snikislamisering er et dårlig begrep rett og slett fordi det ikke finnes i vårt samfunn».

– Framstegspartiet sin retorikk bidreg til å skape splittingar

Frode Helland, dekan ved det humanistiske fakultet ved UiO, peikar i artikkelen «Rasisme uten rasister i Norge» på forskar Cora Alexa Døving si forståing av at omgrepet stammar frå «[h]øyreekstreme kontrajihadist-miljøer hvor det betegner grunntanken i Eurabia-konspirasjonen, altså at muslimene arbeider bevisst for å overta og omforme Europa til en islamsk stat.»

Dømene som vert brukte av Jensen, er konkrete og relativt uskyldige. Helland påpeikar likevel at bruken av omgrepet har to sider; «overflaten består av de konkrete eksemplene Jensen gir, og som ingen egentlig tror representerer noen snikislamisering» medan «undersiden har røttene i den kontrajihadistiske Eurabia-konspirasjonen».

Likevel vert dei enkle døma assosierte til ei langt farlegare utvikling, og kommuniserer dimed undersida. Gjennom å bruke dømer som Jensen og hennar meiningsfeller omtalar som «snikislamiserende», vert det skapt eit inntrykk av at samfunnet opnar opp for «muslimenes overtakelse» dersom vi på nokon som helst måte tek omnsyn til muslimske skikkar.

Framstegspartiet sin retorikk i debatten bidreg til å skape splittingar og usanningar om muslimar. Gjennom å fortsette å bruke omgrepet, underminerer Frp-politikarar Erna Solberg sin autoritet som statsminister og dei går aktivt imot regjeringa sin handlingsplan (som dei sjølv, som regjeringsparti, har vore med på å lage) mot hat og rasisme mot muslimar.

Fokus på «handhelsenekt» – ikkje terrorangrep

Eit anna aspekt som verkeleg forbausar og skremmer meg, er Jensen sitt fokus på Kronprins Haakon sitt moské-besøk. Settingen er drapet på ei 17 år gamal jente, ei terrorhandling, og Jensen fokuserer på det ho kallar «handhelsenekt».

For det første valde kvinnene å helse kronprinsen på ein annan måte enn ved bruk av hendene, det er ikkje snakk om at dei har «nekta» å helse. For det andre nemner ikkje Jensen kvifor kronprinsen besøkte moskeen med eit einaste ord.

Dersom finansministeren hadde valt å følgje Bærum kommune si oppmoding om å jobbe for samhald og nærleik for å overvinne hatefulle ytringar, i staden for å ytre hatefulle meiningar, kunne fokuset heller vore på gjerningsmannen sine haldningar.

– Bruken av «brun propaganda» heilt på sin plass

Kvifor i alle dagar vert norske 20-åringar radikalisert? Dette spørsmålet druknar i detaljar som Framstegspartiet er uroa for at skal øydeleggje det norske samfunn. I staden for at vi følgjer kronprinsen si oppmoding om å bygge eit samfunn der alle skal føle seg trygge, vert muslimar skulda for å «snikislamisere» Norge. Er det slik vi skapar eit trygt samfunn? Ved å påstå at tilhengjarar av éin religion har som mål å overta Noreg?

Eg synest Abid Raja er heilt på sin plass når han kritiserer Frp sin retorikk, det same er bruken av «brun propaganda». Jensen og Frp sin måte å omtale det dei meiner er ein trussel mot Noreg og norske verdiar, er grumsete. I tillegg stammar sjølve omgrepet «snikislamisering» frå høgreekstreme miljø, som vert plasserte i kategorien brun. Eg synest Abid Raja er modig som tek til motmæle mot ordbruken som har karakterisert debatten alt for lenge. Framstegspartiet sin retorikk om muslimar og muslimske skikkar er avskyeleg, rasistisk og har pågått i for lang tid.

Eit retorisk skifte i debattklimaet i Norge må kome.

Som Raja seier: «Å tie er å akseptere. Og jeg nekter å fortsette å akseptere».

Har du noko på hjarta? Send oss gjerne meiningsinnlegg på tips(a)framtida.no!