Positiv rapport om miljøtilstanden i Norskehavet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unntaka gjeld sjøfugl, selarten klappmyss og forureining i levra til nokre fiskeartar og i kveitefilet frå Sklinnadjupet.

I Nordsjøen og Barentshavet er det på motsett side påvist tydlege biologiske effektar av klimaendringar. Ein har mindre data frå Norskehavet, og dette kan forklare dei klare forskjellane mellom hava.

Stabil forureining

Statusrapporten for miljøet i Norskehavet er laga av ei overvakingsgruppe sett saman av deltakarar frå 12 direktorat/tilsyn, forvalting- og forskingsinstitusjonar og blir leia av Havforskingsinstituttet.

Forureiningsnivået i Norskehavet er stabilt eller avtakande. Det marine avfallet er for det meste plast i ulike størrelsar, som er funnen både i overflata, i frie vassmassar og på botnen.

Les også: Forskarar fann mikroplast i krepsdyr på verdas djupaste punkt

Temperaturauke

Rapporten viser at temperaturen i Norskehavet har stige sidan 1990-talet, grunna at vatnet som strøymer til har vore varmt. Sidan 2017 har dette vatnet gått ned i temperatur, men det er likevel ikkje blitt kjøligare i Norskehavet. Forklaringa skal vere at det no er lite varmetap til atmosfæren.

Dei høge temperaturane i havet over tid har ført til mindre havis nord i Norskehavet. Overvakingsgruppa fryktar at dette vil skape endringar i økosystema i området.

Les også om klimarisikoen når havet stig: Over 50.000 bygningar kan bli ramma

Forskar Kristian Breili og matematikar Oda Roaldsdotter Ravndal frå Kartverket har vore med å utvikla ei ny teneste frå Kartverket som lar deg sjå konsekvensane av auka havnivå. Her er i Bergen kan over 2700 bygningar bli overflødde med 20-årsstormflo i 2090. Foto: Synne Storvik, Kartverket