Rapport: Valden aukar blant tenåringsjenter

Jenter mellom 15–17 år stod for den største auken i valdslovbrot i Oslo i 2018. Valdsauken for jenter er større i Oslo enn i resten av landet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo politidistrikt og Oslo kommune la nyleg fram Salto-rapporten for 2018, som viser utviklinga i barne- og ungdomskriminaliteten i Oslo, skriv Aftenposten.

Der kjem fram det at fysisk vald har blitt meir vanleg blant ungdom i Oslo og at det i fjor var jenter mellom 15 og 17 år som stod for den største auken. Det gjeld både talet på tilfelle av fysisk vald og talet på personar.

Les også: Barn som har lært om vald, fortel lettare om eigne opplevingar

Dobbelt så mange straffbare forhold

Frå 2015 til 2018 er talet på straffbare forhold som var valdslovbrot dobla for jenter i alderen 15–17 år. 88 av forholda var for fysisk vald, 25 for lovbrot mot offentleg tenestemenn og 18 forhold for truslar.

Avtalte slåstkampar, såkalla beefing, har blitt meir vanleg blant jenter, og det kjem også fram på sosiale medium.

Ifølgje stipendiat Lars Roar Frøyland ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA er valden hos jenter annleis enn hos gutar.

– Tidlegare studiar viser at jenter bruker andre typar, og mindre brutal vald, enn gutane. Dei oppgir oftare at dei bruker slag og spark, medan jenter oftare klorar, luggar eller fiker til nokon, seier Frøyland.

Frøyland har sett på Ungdata-undersøkingane og seier valdsauken blant jenter og gutar er kraftigare i Oslo enn i resten av landet.

Les også: Psykiske lidingar blir meir og meir vanleg for tenåringsjenter