Vil ha nasjonalt forbod mot plastsugerøyr

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 27.10.2019 21:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I mars i år bytta McDonalds ut plastsugerøyra til fordel for papp i alle dei 72 restaurantane i Noreg til både glede og fortviling frå forbrukarane.

Snart kan andre serveringsstader bli nøydd å gjere det same.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet kome med eit forslag om å forby bestikk, tallerkar, sugerøyr, rørepinnar, ballongpinnar og bomullspinnar laga av plast.

I tillegg føreslår dei eit forbod mot take away-behaldarar og drikkebeger laga av isopor.

I tråd med EU-forbodet

– Dette er eit viktig steg i arbeidet med å bli kvitt unødvendig eingongsplast i Noreg. Havforsøpling er eitt av dei store miljøproblema i vår tid, og eingongsartiklar av plast er ei av kjeldene, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemelding.

Miljødirektoratet meiner forslaget kan redusera den årlege mengda norsk plastavfall med 8 tonn.

Dei reknar med andre alternativ kan føra til at produkta vert dyrare, men at dette i snitt berre vil utgjera 80 kroner i året for kvar nordmann.

Kva sugerøyr føretrekker du?

Kva sugerøyr føretrekker du?

Eingongsplast såklart, alt anna er tull78
Papir, for miljøet framfor smaken8
Metall eller glas, som kan vaskast24
Kva skal ein med sugerøyr når ein har flaske/glas/kopp?33
Svar totalt: 143

 

Forslaget er i tråd med EU-direktivet som vart vedteke i fjor.

Sidan Noreg er med i EØS-avtalen må også me innføra eit slikt forbod.

EU-forbodet vil tre i kraft 3. juli 2021 og Miljødirektoratet meiner det er lurt av Noreg å ikkje innføra eit forbod før dette.

No skal det norske forslaget behandlast i departementet.

– Utfasinga har allereie kome langt

Direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, meiner at eingongsprodukta i plast relativt enkelt kan erstattast med andre material eller ombruksprodukt.

– Utfasinga har allereie kome langt for enkelte av produkta, og me forventar at fleire og rimelegare alternativ blir tilgjengelege på marknaden dei næraste åra, seier Hambro i pressemeldinga.

Les meir om plast i havet: – Koplinga med klima er enkel å sjå

Plastforureininga i havet er eit globalt problem. Her frå ein av strendene på Bali. Foto: Colourbox