Meiningsmåling: Folk flest er mest bekymra for plastavfall

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målinga er gjort av Opinion blant 1.000 personar i eit representativt utval av befolkninga på oppdrag frå Universitetet i Bergen, Bergen kommune og Havforskingsinstituttet i tilknyting til havkonferansen «The Ocean» som startar denne veka. Resultata er omtalt i VG.

Utbreidd uro

På bekymringslista til nordmenn hamna plastavfall i havet øvst. 87 prosent av dei spurde svarte at dei i svært stor eller stor grad er bekymra for plastproblemet i havet.

Neste hovudbekymring er generell forureining av miljøet, som 78 prosent av nordmenn er ganske bekymra for, medan høvesvis 66 og 65 prosent – to av tre – seier dei er bekymra for at biologisk mangfald minkar og at det blir meir ekstremvêr.

På femteplass hamnar drivhuseffekten, som i stor eller svært stor grad bekymrar 55 prosent av dei spurde, medan knapt halvparten, 47 prosent, bekymrar seg for at havnivået skal stige.

Frå venstre: Havforskar Bjørn Einar Grøsvik frå Havforskingsinstituttet, Ingeborg Mørk-Knutsen, seniorrådgjevar i Klima- og miljødepartementet, Jan-Gunnar Winther, direktør i ved Senter for hav og Arktis og Christina I. M. Abildgaard, avdelingsdirektør for hav ved Norges forskningsråd.