Miljødirektoratet foreslår nytt klimamål for Noreg
Miljødirektoratet tilrår at Noreg bør redusere utslepp av klimagassar med minst 80 prosent i 2035.
I 2025 skal alle land melde inn forsterka klimamål under Parisavtalen for perioden etter 2030.
I ein ny rapport bestilt av Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet vurdert både ambisjonsnivå og moglege innretningar av målet som skal bli meldt inn til FN.
Dei tilrår at Noreg bør ha som mål å redusere utslepp av klimagassar i 2035 tilsvarande minst 80 prosent av nasjonale utslepp i 1990.
– Parisavtalen er tydelege på at industrialiserte land må gå føre, og vi meiner at målet må vere i storleiksorden 80 prosent kutt i 2035 for at det skal kunne kan reknast som ein rettferdig del av globale reduksjonar, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet i ei pressemelding.
Ambisiøse mål
Miljødirektoratet meiner også at Noregs ambisjonsnivå bør ta utgangspunkt i det lågaste temperaturnivået i Parisavtalen – å avgrense temperaturauken til 1,5 grader.
– Klimaendringane vi ser rundt oss med varmerekordar og ekstremvêr, understrekar at vi må forsterke innsatsen for å nå Parisavtalens mål om å avgrense temperaturauken nærast mogleg 1,5 grader. Ifølgje Parisavtalen skal landa levere inn nye og meir ambisiøse klimamål kvart femte år. Neste gong vil vere i 2025, og Noreg vil då melde inn det nye klimamålet sitt som skal gjelde etter 2030, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Vidare seier han:
– Denne jobben har vi starta. Vi skal gjere ein grundig og skikkeleg jobb der vi involverer både offentlegheita og Stortinget. Rapporten frå Miljødirektoratet blir ein av fleire kjelder vi skal ta omsyn til når vi fastset det nye klimamålet, seier han.
Samarbeid med EU
Miljødirektoratets rapport viser også til EUs vitskaplege klimaråd, som beskriv kva som bør vere EUs rettferdige bidrag.
– Det er viktig at alle land tek ansvar for eigne utslepp. Noreg har ikkje tidlegare meldt inn eit mål som seier noko om kor store delar av utsleppskutta som skal takast heime utan å kjøpe utsleppsreduksjonar i andre land. Eit slikt mål vil gi klare styringssignal, bidra til nødvendig omstilling og er mogleg å oppnå, påpeikar Ellen Hambro.
Sidan 1990 er Noregs klimautslepp redusert med under fem prosent. Miljødirektoratet meiner det vil vere svært krevjande å redusere dei nasjonale utsleppa med 80 prosent innan 2035, analysane deira anslår likevel at ein reduksjon på 60 prosent er realistisk.
For å nå Noregs overordna mål om 80 prosent reduksjon, må delar av målet oppfyllast i samarbeid med andre land. Miljødirektoratet tilrår derfor eit vidare samarbeid med EU.
Dei meiner det er viktig med eit 2035-mål som spesifiserer kor mykje av utsleppsreduksjonane som skal takast nasjonalt. Altså eit overordna 80-prosent mål og eit eige nasjonalt delmål for utsleppsreduksjonar.