Sugerøyr og koppar i papir er kanskje ikkje så bra likevel

Janne Nerheim
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 21:09

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

Belgiske forskarar har funne kjemikaliar som er potensielt skadelege for menneske, dyreliv og miljø i 18 av 20 sugerøyr-merke, skriv NRK.

Forskarane sjekka om sugerøyra inneheldt syntetiske kjemikaliar. Kjemikaliane blir kalla poly- og perfluoralkylsubstanser (PFAS).

Dei skumle kjemikaliane vart påvist i fire av fem sugerøyr-merke i bambus, tre av fire i plast og to av fem av glas. Dei vart ikkje påviste i nokon av dei fem typane i stål.

Også i pappkoppar

Men korleis hamnar slike kjemikaliar i papirprodukt? Jo, dei blir brukte som eit vassavstøytande belegg, ifølgje forskarane.

Også papirkoppar er problematisk, ifølgje ein ny forskingsstudie frå Göteborgs universitet. Ifølgje studien kan dei giftige kjemikaliane til papiret gjera like mykje skade på levande organismar som ein plastkopp viss han hamnar i naturen.

Studien er publisert i tidsskriftet Food Additives and Contaminants. Det var NTB som fyrst omtala saka her til lands.


Stemmebokser i ei lokale med teksta "El voto es secreto"

I Ecuador har folket stemt over kor vidt det skal vere oljeboring i ein nasjonalpark i Amazonas. Foto: AP Photo/Martin Mejia