NFF tar grep for å forhindre overgrep: – Barna skal vere trygge
Norges Fotballforbund (NFF) og Redd Barna skal samarbeide om å førebygge og avdekke overgrep mot barn og unge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Idretten er ein viktig arena der barn og unge møter vaksne tillitspersonar som dei kan søke hjelp frå, men også ein arena der barn dessverre kan bli utsett for seksuelle overgrep, seier generalsekretær i Redd Barna, Birgitte Lange, i ei pressemelding frå NFF.
Ho gler seg likevel over at Norges Fotballforbund (NFF) tar dette på alvor og styrker arbeidet med å gjere barn og unge trygge på trening.
Trygg på trening
Redd Barna har saman med NFF utvikla kurset «Trygg på trening med Redd Barna» til bruk for medlemsklubbane i NFF. Målet er å gjere dei vaksne oppmerksame på korleis dei kan førebygge og avdekke overgrep mot barn.
– Eit av dei viktigaste verktøya vi kan gi dei vaksne er kunnskap om kva dei skal sjå etter for å avdekke overgrep, og kva dei skal gjere ved mistanke om at eit barn blir utsett for skadelege handlingar. Erfaringa vår er at når dei vaksne er trygge blir barna trygge, seier Lange.
370.000 unge klubbspelarar
Kvart år deltar rundt 370.000 gutar og jenter i fotballaktivitet. Klubbane, som i all hovudsak er tufta på frivillig arbeid, treng meir kompetanse på dette området, seier generalsekretær i NFF, Pål Bjerketvedt.
– Barna skal vere trygge i eit godt sosialt fellesskap i fotballen. Det er prioritet nummer éin og noko vi alltid har tatt på alvor. Samtidig er seksuelle overgrep mot barn eit stort samfunnsproblem, og det er derfor naivt å tru at det ikkje finst i fotballen og idretten, seier Bjerketvedt.
Les også om gjennombrotsåret for kvinnefotballen: Den største kampen er utanfor bana