– Eg trur definitivt at menn har tenkt at me er dårlegare enn dei, seier amerikanske Isabelle Arthur (17). 2019 har vore eit knallår for kvinnefotball, men den største kampen føregår utfor bana.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den største kampen er utanfor bana

– Det er jo sånn at det ofte blir sagt at det er så keisamt med jentefotball. At det liksom ikkje er så mykje trøkk, men eg er ikkje heilt einig i det, seier Tuva Anika Nilsen.

16-åringen, som speler på HIF-Stein Hammerfest, synest jentene burde få moglegheita til å visa kva dei er gode for på bana.

Ho meiner slike haldningar er kjipe og kan påverka det sportslege.

– Det gjer jo litt med sjølvbiletet og korleis me tenkjer om oss sjølv på bana.

Sjåarrekordar og Norway Cup-rekord

2019 har vore eit eventyrleg år for kvinnefotball internasjonalt. «Rekordene i VM er en stor seier for kvinnefotballen», proklamerte kommentator Thore Haugstad på NRK.no.

Sjølv om tribunane ikkje var fylt opp under VM i Frankrike sytte kampane for mengder av sjåarrekordar på TV.

I Noreg var det dobbelt så mange som følgte VM i 2019, som EM i 2017. England sin semifinale mot USA vart det mest sette programmet så langt i 2019 med 11,7 millionar.

Og i fotballandet USA såg over 7 millionar semifinalen mot England. Det er det høgaste sjåartalet for ein fotballkamp i USA sidan VM-finalen for herrar i fjor (der USA sjølvsagt ikkje var representert).

HIF-Stein-spelarane Tuva Anika Nilsen (16) og Thale Kivijervi Ellertsen (17) har opplevd negative haldningar til jentefotball, men meiner det er i endring. Foto: Emilie Hansen

HIF-Stein Hammerfest stilte med heile to lag og 32 spelarar på årets Norway Cup og bidrog til at det i år var rekordmange jentelag på sletta. 35 prosent av laga på årets fotballturnering var jentelag, meldte NRK etter cupen var slutt.

Generalsekretær i Norway Cup, Pål Trælvik, uttala til statskanalen at dei har jobba over lang tid for at fleire jenter vil spela fotball og legg spesielt til rette for at fleire jenter skal bruka idretten.

Tuva Anika Nilsen synest det berre blir meir og meir positive haldningar til jentefotball. Ho meiner profilar som Ada Hegerberg kan ta delar av æra for utviklinga.

– Ada Hegerberg er jo eit stort førebilete. Ho har oppnådd veldig mykje innafor fotballen og spesielt som kvinneleg fotballspelar, seier 16-åringen.

– Heilt normal fotball

Litt bortanfor jentene, står nokre gutar og leikar med ein ball på sletta.

– Kva tenkjer de når eg seier «jentefotball»?

– Fotball.

– Fotball.

– Heilt normal fotball.

– Fotball for jenter.

Dei 14 år gamle gutane, som til vanleg spelar på Nesodden IF, har likevel høyrt folk seie ting som at «jenter ikkje er like gode i fotball» og at «gutane fortener meir i løn enn jentene».

– Det er feil, tykkjer Ismael Mahdy, som er for likestilling.

14-åringane leikar seg med ball oppe på Ekebergsletta og kan fortelje at dei har følgt med på årets VM, både dei norske spelarane og verdsmeistrane frå USA.

Gutane frå Nesodden IF leikar seg utanfor bana på Norway Cup 2019. Foto: Emilie Hansen

Verdsmeistrar og publikumsrekord

– Amerika tapte mot 15 år gamle gutar, seier ein av 14-åringane, men legg til:

–…men dei var gode. Og dei er gode.

Tapet han siktar til var i 2017, då det amerikanske kvinnelandslaget spelte ein venskapskamp mot FC Dallas U-15 før ein venskapskamp mot Russland.

Det gamle kampresultatet har vorte drege fram i fleire saker om det amerikanske kvinnelandslaget, som har gått til sak mot det amerikanske fotballforbundet for å få likeløn.

Dei norske fotballgutane merkar at kvinnefotball er meir populært fordi det vert sendt meir på tv og trekkjer nesten fulle stadionar.

At oppgjeret mellom damelaga til Athletico Madrid og Barcelona trakk 68.000 publikummarar er ikkje gutane i tvil om kva dei meiner om:

– Det er kult.

Massiv amerikansk jentesport

Når Framtida.no fortel jentene i Central California Soccer Alliance om tilskodarrekorden mellom dei to spanske klubblaga på kvinnesida måpar dei:

– Wow!

Dei tre jentene er såkalla «seniors» på high school. Både Uribe og House har allereie bestemt seg for å satsa på college-fotball til neste år og drøymer om ein proffkarriere.

I talet på spelarar er amerikanske fotballspelarar mykje meir likestilte enn norske. Statistikk frå Noregs fotballforbund viser at det i 2016 var om lag dobbelt så mange gutar (69 495 spelarar) som jenter (31 532 spelarar) i fotballen i alderen 13-19 år.

Til samanlikning var det i fjor 390 482 kvinnelege spelarar på high school-nivå i USA, og 456.362 mannlege spelarar, ifølgje Statista.

Talet på kvinnelege spelarar i USA har tredobla seg sidan det første verdsmeisterskapet og sigeren i 1991.

Fotballspelarane Evan House (t.v.), Isabelle Arthur og Giselle Uribe er alle engasjert i likelønsdebatten kring det amerikanske kvinnelandslaget. Foto: Emilie Hansen

– Det gjer meg sint

Jentene meiner at idretten deira har fått gradvis meir respekt i takt med prestasjonane til det amerikanske kvinnelandslaget. Men dei ser framleis utfordringar:

– Me er framleis ikkje på same nivå som mennene. Dei får framleis betre betalt enn kvinnene, sjølv om me har vunne fleire verdsmeisterskap, seier Giselle Uribe (17), som får støtte av lagvenninnene.

Fotballspelarane er engasjerte i debatten om likeløn og er ikkje i tvil om at det er viktig for likestillinga i sporten.

– Det gjer meg sint. Eg får lyst å snakka om det og gjera noko med det, seier Evan House. Ho håpar at hennar engasjement på sikt kan føra til at yngre jenter kan veksa opp i eit meir likestilt samfunn.

Trenaren til Central California Soccer Alliance, Jasara Gillette, ser at jentene vert inspirert av landslagsheiltane på òg utanfor bana. Foto: Emilie Hansen

Førebiletet Megan Rapinoe

Trenaren til Central California Soccer Alliance peikar på at sjølv om det er utruleg mange kvinnelege fotballspelarar, så er det framleis få kvinnelege trenarar.

– Som ein kvinneleg trenar må du somme tider gjere deg meir fortent til respekt samanlikna med ein mann, seier Jasara Gillette.

Ho ser korleis dei amerikanske landslagsspelarane fungerer som rollemodellar for sine eigne spelarar og bidreg til å gjere dei meir opptekne av likestillingsspørsmål.

Den uttala Trump-motstandaren Megan Rapinoe er eit stort førebilete for alle dei tre jentene både på og utanfor bana.

– Ho kjempar for likestilling og mange unge jenter ser opp til ho. Eg tykkjer ho er målretta og kvar gong ho går ut på bana gjer ho sitt beste, seier Uribe.

Men også Alex Morgan sin spelestil og kamp for likeløn har gjort inntrykk på House.

16-åringen meiner kvinnefotball gradvis har fått meir respekt i USA etter at det amerikanske landslaget henta heim sigeren i verdas første første verdsmeisterskap i fotball for kvinner i 1991, men at det framleis er ein veg å gå.

Landslagsprofilane Alex Morgan (t.v) og Megan Rapinoe (t.h), som vart kåra til beste spelar i årets verdsmeisterskap, er store idol for dei amerikanske fotballjentene. Foto: Jamie Smed, Flickr (CC BY 2.0)

Fortener likeløn

– Eg trur definitivt at menn har tenkt at me er dårlegare enn dei og ikkje trudd like mykje på oss som kvinner har trudd på kvarandre, seier Isabelle Arthur, og legg til:

–  Men eg brukar det til å pushe meg sjølv og pushe lagkameratane mine. Og bruke det til å vise at me er betre og sterkare enn dei trur.

Jentene har fått med seg negative kommentarar om idretten og landslaget på sosiale medium som Twitter. Men for dei er stjernene ein stor inspirasjon.

– Mange seier at ikkje like mange ser på kvinnefotball, men me kjempar så hardt. Me fortener likeløn og likestilling, understrekar Uribe.

Jentene har òg høyrt argumentet om at landslaget tapte mot eit 15-årslag. Dei synest det er urettvist å bruka eit gamalt kampresultat som argument mot likeløn.

Når jentene høyrer om det norske herrelandslaget som tok lønskutt for at dei skulle ha like vilkår som kvinnelandslaget vert jentene kjempeimponert. Evan House har likevel ei innvending:

– Men dei burde ikkje måtte gjere det. Eg føler kvinnene berre burde få like mykje pengar som mennene fekk i utgangspunktet.

Gutar som heiar

Dei amerikanske jentene er vande med tøffare konkurranse frå serien heime i USA. Dei synest likevel det er ei fantastisk inspirerande og lærerik oppleving å spela på Norway Cup.

Spesielt ein ting har gjort inntrykk. Jentene har lagt merke til at mange unge gutar møter opp på kampane og heiar på dei.

– Då me gjekk i paraden var det ein heil gjeng små gutar som heia på oss og ropte: «USA! USA!» Eg føler at heime så er det ikkje så mykje av det, men her heiar dei faktisk på oss – av riktige grunnar, avsluttar House.

Dei amerikanske spelarane på Central California Soccer Alliance er dedikerte og synest det å vere på Norway Cup er ei spanande erfaring. Foto: Emilie Hansen

LES OGSÅ: Var kvinnefotball så populært at det blei forbode?

Dick, Kerr Ladies 1922