Syklar Oslo rundt med si nye plate: – Den yngste mottakaren var 21 timar gamal

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det aller, aller, aller finaste, er den siste vinylen eg leverte. Ein søndagskveld kl. 22 leverte eg den på Rikshospitalet til ein 21-timar gamal kar på nokre få tusen gram, fortel Pål Moddi Knutsen på telefon til Framtida.

Senja-artisten er i desse dagar aktuell med sitt femte studioalbum, Like in 1968. For å sikre at det får plass i platesamlingar i norske heimar, har Moddi vore innovativ: Han har sykla rundt og levert albumet på døra til folk.

Draumedagar på sykkelsete

Kor ideen kom ifrå, veit han ikkje. Moddi fekk berre eit innfall, og bestemte seg for å dele det på Facebooksida si: Er det nokon som ynskjer seg den nye plata hans? Han leverer!

– Eg trudde eg kom til å få tre-fire bestillingar, men eg fekk over hundre, fortel Moddi.

Då vart det å ta sykkelen fatt, frå morgon til kveld. Til no har Moddi teke to (veldig lange) turar. Første søndagen sykla han frå Stovner til Kringsjå, den andre frå Røa til Ekeberg.

I første runde var siste levering på Rikshospitalet på kveldstid, etter 13 timar med farting i hovudstaden bak seg.

Då han tok fatt med friskt mot og friske føter også søndagen etter, vart siste vinyl overlevert til ein overraska husvert kl. 22.32. Også då hadde Moddi vore i sving i 13 timar, og hadde lagt bak seg 64 kilometer.

Det har likevel vore alt anna enn eit slit, om ein skal tru Senja-artisten:

– Det er eit konstant vedvarande kick. Det er dette eg lever for: Det å faktisk vere nær folk. For meg er det ein draumedag på sykkelsetet, fortel han entusiastisk.

Moddi er kjend for å vere tett på lyttarane sine – han har reist landet rundt for å spele i stovene til folk, og før ein konsert er han ofte å finne ute blant publikum for å småprate.

Så for Moddi var sykkelintiativet å slå veldig mange fluger i ein smekk: Han treffer folk, får reklamert for plata si, tener pengar på sala, og skapar engasjement på sosiale medium.

Det ultimate framkomstmiddelet

– Kvifor syklar du? Kvifor tek du ikkje t-bane eller trikk?

– Det går ikkje fort nok. Sykkel er det ultimate framkomstmiddel i byen. Det har eg også lyst til å vere med å vise, fortel Moddi.

Det seier seg vel nesten sjølv at om ein hiv seg på sykkelen og trør nesten sju mil i løpet av ein dag, så er ein vand med å sykle.

Moddi har vore ivrig syklist sidan ungdomsåra, då han vaks opp på Senja, ei øy med store avstandar.

– Det å vere turnerande artist er noko av det mest klimauvenlege du kan vere, seier Pål Moddi Knutsen. Han fortel at han likevel prøvar hardnakka å velje klimavenlege framkomstmetodar som tog til Sveits eller buss og tog til Tromsø. Foto: Privat

Han syklar framleis kvar einaste dag i Oslo – det er gratis trening å kave seg opp motbakkar, og samstundes den mest klimavenlege reisemåten, fortel han.

Artisten innrømmer likevel at han nok ikkje hadde tort sykle i storbyen utan å ha køyrt mykje bil der frå før: Trafikken er for kaotisk.

– Eg er ganske erfaren så eg veit korleis eg unngår ulukker, men det hindra meg ikkje frå å bli pårygga av ein bil på Grünerløkka i løpet av runden no søndag som var, seier han.

Moddi kom frå det med skrekken, men slår eit slag for ein meir sykkelvenleg hovudstad der det er tryggare og enklare å sykle.

Mat og kjærleik

Om ein ser vekk frå nestenulukka på Grünerløkka, har det vore utelukkande positive opplevingar å sykle Oslo rundt.

Det er ikkje kvar dag ein kan bestille ein artist heim på døra, og Moddi fortel at fleire vert nesten overraska når han dukkar opp på trappa.

Overraskinga vert fort snudd til entusiasme, og det er også ein grunn til at sykkelrundane tek så lang tid:

– Alle har invitert meg inn på kaffi og eg har vorte boden vaflar, sveler, nybakt brød, pølsegryte, fiskesuppe, lammefrikasse, bollar og pizzasnurrar, fortel artisten og legg til:

– Det har vore mat og kjærleik på kvar einaste husstopp.

I november reiser Moddi på turné med den nye plata si. Då går ferda vidare frå Oslo-gryta til Bergen, Bodø, Tromsø og Trondheim. Sykkelen vert med på tur, så bur ein i nærleiken kan det vere du kan få ein Senja-artist på døra.