LNU: – Lite som tyder på at dei prioriterer den unge frivilligheita

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er skuffa over at Venstre og KrF ikkje har fått til ei tydelegare satsing på ung frivilligheit.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Med unntak av at regjeringa held seg til planen om å auke momskompensasjonen for frivillige organisasjonar gradvis, er det lite som tyder på at dei prioriterer den unge frivilligheita, seier Rode Hegstad i ei pressemelding.

Ho er leiar for Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), ein paraplyorgansasjon som femnar 98 ungdomsorganisasjonar med tilsaman 450.000 medlemmar.

61 millionar til Fritidskortet

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) har sett saman dei viktigaste postane for den unge frivilligheita på sine nettsider.

Her er dei viktigaste punkta:

  • 61 millionar til Fritidskortet
  • 92,4 millionar meir til momskompensasjon (samla sum: 170 millionar)

Hegstad er nøgd med at regjeringa har sett av pengar til Fritidskortet, som er ei av barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) sine hjartesaker.

Fritidskortet er inspirert av ei ordning på Island der alle barn i alderen seks til 18 år får eit fritidskort som dei kan nytte til å kjøpe aktivitetar innan idrett, musikk og kunst.

Ifølgje Aftenposten er det allereie 80 norske kommunar som har eit slikt tilbod, men no skal ordninga verte nasjonal.

Inga støtteauke til Frifond

Hegstad hadde likevel håpa at regjeringspartnarane KrF og Venstre kunne fått gjennomslag for ein meir ambisiøs frivilligheitspolitikk.

Ho viser til at dei to partia fleire gonger tidlegare har styrkt barne- og ungdomsfrivilligheita i statsbudsjettforhandlingar og at støtta til desse organisasjonane auka med 25 millioner kroner i perioden 2016-2018.

LNU ønska mellom anna at regjeringa ville auke støtta til støtteordninga Frifond med 15 millionar, noko som ikkje hende. I dag kjem pengane som vert delt ut gjennom ordninga frå Norsk Tipping.

Vil ha Frifond i statsbudsjettet

Hegstad peikar i pressemeldinga på at støtta til Frifond har stått stille sidan 2015:

– Samstundes har Norsk Tipping har hatt rekordoverskot år etter år. Me meiner Stortinget anten bør leggje Frifond inn i statsbudsjett igjen, eller gå gjennom tippemidlane og sikre at dei går til breie ordningar for frivilligheit, seier Hegstad.

Skulestreik for klima fredag 24. mai. Arkivfoto: Andrea Rygg Nøttveit