Regjeringa kuttar i arbeidet mot atomvåpen

Tilskotet er meir enn halvert frå tidlegare år: – Alt for lite i ei tid der faren for bruk av atomvåpen er større enn under den kalde krigen.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 14.10.2019 22:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– At regjeringa aukar løyvinga til Human Rights Service, men reduserer støtta til arbeid med fred og nedrusting, er rystande.

Det seier Anja Lillegraven, dagleg leiar i Norske leger mot atomvåpen, i ei uttaling publisert på nettsidene til Den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen (ICAN).

Lillegraven reagerer på at støtta til den omdiskuterte organisasjonen Human Rights Service vert vidareført, medan organisasjonar som arbeider mot atomvåpen opplever kutt i løyvingane frå statsbudsjettet.

I fjor fekk organisasjonar som jobbar med nedrusting ti millionar kroner – i år får dei fire millionar.

Fryktar for konsekvensane

ICAN mottok Nobels fredspris i 2017 for å setje lys på dei katastrofale humanitære konsekvensane av atomvåpenbruk, og for innsatsen for å få traktatfesta eit forbod.

– Dersom dette kuttet vert oppretthalde, står fleire organisasjonar og kampanjen ICAN i fare for å måtte legge ned arbeidet, skriv kampanjen i uttalinga.

I uttalinga vert det påpeika at resultatet vert mindre informasjon om dei menneskelege kostnadane ved atomvåpenbruk og mindre fokus på Noreg si rolle i det internasjonale nedrustingsarbeidet.

– Regjeringa må styrke si støtte til internasjonalt og norsk sivilt samfunnsengasjement mot atomvåpen. 4 millionar er alt for lite i ei tid der faren for bruk av atomvåpen er større enn under den kalde krigen, seier Henriette Killi Westhrin, generalsekretær i Norsk Folkehjelp.

Kutta råkar ICANNorske leger mot atomvåpenNei til Atomvåpen (NTA)Norges Fredsråd og Norsk Folkehjelp.