ICAN får fredsprisen
Nobels Fredspris for 2017 går til ICAN.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nobels Fredspris 2017 går til ICAN, International Campaign Against Nuclear Weapons. Dette er ein global kampanje som arbeider for å mobilisera folk i alle land til å inspirera, overtyda og pressa styresmaktene sine til å starta forhandlingar for ei avtale som forbyr atomvåpen.
Organisasjonen får prisen for arbeidet sitt med å påpeika dei katastrofale humanitære konsekvensane av kvar og ein bruk av atomvåpen og for sin banebrytande innsats for å få til eit traktatfesta forbod mot slike våpen.

Leiaren for ICAN, Beatrice Fihn. Foto: ICAN/Tim Wright/Flickr/CC-lisens.
– Det er reell fare for at fleire land vil prøva å skaffa seg atomvåpen, noko Nord-Korea er eit døme på. Atomvåpen utgjer ein konstant trussel mot menneskja og alt liv på jorda, sa leiaren av Nobelkomitéen Berit Reiss-Andersen i grunngjevingstalen for tildelinga.
- LES OGSÅ: På tide å forby bomba
ICAN vart lansert i 2007 og har meir enn 270 partnarorganisasjonar i 60 land.
Dei organiserer «Nuclear Abolition Day» 26. september kvart år for å vidare oppfordra til nedrustning av atomvåpen.
- LES OGSÅ: Noreg utanfor samarbeid mot atomvåpen
– Det er flaut at Noreg ikkje er ein del av atomvåpenforbodet. Noreg må vere et føregangsland, og ikkje ei sinke, i arbeidet for internasjonal militær nedrusting og alternativ konfliktløysing. At ICAN no får fredsprisen er ei god anledning for det nye Stortinget og den nye utanriksministeren til å snu, seier Gaute Eiterjord, første nestleiar i Natur og Ungdom, i ein kommentar.