Miljøorganisasjon: – Noreg må våga å vere eit føregangsland
Leiarane frå Spire, Changemaker og Natur og Ungdom håpar det komande statsbudsjettet syner ei regjering som lyttar til skulestreikane og tek klimagrep.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me krev eit statsbudsjett som tek innover seg at me i dag sit i ei økologisk krise som vil prege åra som kjem i lang tid framover, skriv Hege Skarrud i ein e-post til Framtida.no.
Ho er leiar i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire og håpar på eit statsbudsjett som spelar på lag med miljø og klima.
Spire: – Regjeringa har gått mot våre krav
– Me er nøydde til å ha eit ambisiøst statsbudsjett som tek innover seg at me må gjere dramatiske kutt sånn at vi held oss under 1,5-graders global oppvarming, understrekar Skarrud.
Ho meiner Noreg må våga å vere det føregangslandet som syner at klima og miljø skal sitte i førarsetet frå no av – ikkje kortsiktige eigeninteresser og profitt.
Spire er særleg oppteken av samstemmingsrapporten som kjem saman med statsbudsjettet. Vidare vil dei sjå etter bistandsmidlar til klimatilpassing i jordbruket, urban bistand og ikkje minst:
– Me kjem sjølvsagt også til å følgje nøye med på kva bevillingar som vert gitt til ekspansjon av olje og gassektoren i årets statsbudsjett. Regjeringa har konsekvent gått mot våre krav om å fase ut olje og gass, skriv Skarrud, som ikkje har dei største forhåpningane til budsjettforslaget.
Natur og Ungdom: – Held ikkje med småpengar til miljøtiltak
– Statsbudsjettet er eit av dei viktigaste verkemidla regjeringa har til å ta vare på natur og kutte klimagassutslepp, skriv Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord i ein e-post til Framtida.no.
Han understrekar at statsbudsjettet bør ha eit klimabudsjett og tiltak som gjer at Noreg ligg i tråd med å kutte minst 60 prosent av utsleppa våre innan 2030. Per i dag er det vedtekne målet til norske myndigheiter at Noreg skal kutte klimagassutsleppa med 40 prosent innan 2030.
Natur og Ungdom-leiaren viser til ei historisk mobilisering av barn og unge som vil ha ein betre miljøpolitikk.
– Statsbudsjettet er regjeringa sin moglegheit til å innfri og vise at det ikkje berre er tomme ord. Men då held det ikkje med småpengar til miljøtiltak viss dei samstundes legg til rette for meir oljesponsing og motorvegbygging, skriv Eiterjord.
Han har fått med seg budsjettlekkasjar om meir pengar til klimabistand og dyrare CO2-avgift, men har ikkje dei største forhåpningane etter lekkasjen om at vegbruksavgifta skal ned.
– Må bli mykje dyrare å forureine
– Skal klimatiltaka monne må det bli mykje dyrare å forureine, og billigare å ta miljøvennlege val, understrekar Gaute Eiterjord.
Natur og Ungdom sine tre viktigaste krav til statsbudsjettet 2020 er:
1: Staten må ikkje legge til rette for ny oljeutvinning. Herunder må skattefordelar til oljeleiting fjernast, og ein må fjerne løyvingane til kartlegging av olje- og gassressursar.
2: Forureinarar må betale: Det må bli avgift på dumping av gruveavfall og avgift på uttak av nye naturressurser.
3: Mindre motorveg, meir jernbane. No blir det kvart år gitt fleire milliardar til å asfaltere ned naturen og auke trafikkmengda. Me meiner pengane heller burde gå til dobbeltspor, elektrifisering av dei siste dieseltogstrekningane og utgreiing av snøggtog.
Changemaker: – Lekkasjane er ikkje betryggande
– Dei lekkasjane me har sett er ikkje betryggande. Skal me nå måla i Paris-avtalen må me finansiere gode klimaløysingar i langt større grad enn det regjeringa legg opp til no, skriv Changemaker-leiar Embla Regine Mathisen i ein e-post til Framtida.no.
Mathisen fortel at Changemaker kjem til å sjå etter dei store pengane til klimasatsing slik som skulestreikarane har kravd.
– Me kjem ikkje til å vere i stand til å kutte 53 prosent av våre klimagassutslepp innan 2030 i dette tempoet. Det er gledeleg at me skal byrja å putte pengar i FNs tilpasningsfond, men dei 50 millionane det ligg an til at skal dit, er så altfor lite i forhold til Noregs historiske ansvar som stor-forureinar.
Changemaker sine tre viktigaste krav til statsbudsjettet 2020 er:
1: At regjeringa ser noregs historiske ansvar i klimakrisen for det det er, og bidreg med vår rettferdige del. Noreg har bidrege såpass mykje til klimakrisa at me burde betale til 65 milliardar kroner årleg til klimafinansiering i andre land.
2: At leiterefusjonsordninga til oljeindustrien blir avvikla, eller i det minste nedjustert.
3: Øyremerkte midlar til å jobbe mot kapitalflukt nasjonalt og internasjonalt.