Høie følgjer med på brexit-effekt for legemiddel i Noreg

Helseminister Bent Høie (H) er godt kjent med at britane hamstrar medisinar og forbyr vidareeksport. Hard brexit kan gi mangel på legemiddel i Noreg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ved ein hard brexit vil vi sannsynlegvis kunne oppleve ein svikt i tilgangen på nokre legemiddel. Men regjeringa har fastsett forskrifter som skal sikre tilgangen på nødvendige medisinar og ta vare på folks liv og helse. Vi vurderer behovet for ytterlegare tiltak, seier Høie i ein kommentar til NTB.

Torsdag bestemte britiske styresmakter at medisinar som er importerte til landet, ikkje kan sendast ut att. Det britiske helsedepartementet seier borgarane deira treng medisinen sjølv.

– Vi er kjente med at britiske styresmakter no fyller opp legemiddellagera sine. Både norske og europeiske legemiddelstyresmakter har sidan Storbritannia søkte om utmelding frå EU, jobba for å sikre tilgangen på legemiddel, understrekar helseministeren.

24 preparat

VG skriv at det først og fremst er adrenalinpennar som blir brukte ved allergisjokk, som blir ramma av forbodet. I tillegg er det eit eksportforbod på eit blodfortynnande middel. Dagens Medisin skriv at det britiske helsedepartementet har publisert ei liste med 24 preparat som no blir forbodne eksportert til andre land.

Steinar Madsen. Foto: Statens legemiddelverk

Medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Legemiddelverket seier til avisa at forbodet kom overraskande på dei.

Madsen seier at norske styresmakter har fått uvanleg mange førespurnader frå britiske styresmakter om kjøp frå Noreg. Dei har bedt norske grossistar vere svært forsiktige med å selje legemiddel ut av landet i den uoversiktlege situasjonen brexit skaper.

Fryktar smitteeffekt

Fagdirektøren veit ikkje om førespurnadene har ein direkte samanheng med eksportforbodet.

– Vi er redde for at vi no blir ein del av eit spel der Storbritannia vil kjøpe medisinar frå andre land, samtidig som dei vernar seg sjølv ved ikkje å selje legemiddel ut av landet. Noreg er hundre prosent avhengig av import av legemiddel, seier Madsen til VG.

Han legg til at dei no fryktar ein smitteeffekt, der andre land gjer det same for å verne eigen marknad.

– Viss store legemiddelprodusentar som Tyskland, Italia, Frankrike og Spania gjer det same, er det krise for oss, seier den medisinske fagdirektøren.

Adebayo Alonge vart sjuk av falsk medisin. Apparatet som han har utvikla for å avsløre uekte medisinar, kan redde hundretusenvis frå same skjebne.

Adebayo Alonge vart sjuk av falsk medisin. Apparatet som han har utvikla for å avsløre uekte medisinar, kan redde hundretusenvis frå same skjebne.