Farvel til falske medisinar

Framtida
Publisert
Oppdatert 25.09.2019 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i avisa til «Verdens beste nyheter».

Nigerianaren Adebayo Alonge heldt på å døy som 15-åring etter at han fekk falsk medisin frå det lokale apoteket sitt. Medisinen skulle opne luftvegane, men i staden for å verte betre, hamna han i eit tre veker langt koma på intensivavdelinga i heimbyen Lagos, i Nigeria.

Han vart frisk att, men den skremmande hendinga tente ein idé; eit apparat som kan avsløre falske medisinar og fjerne dei frå marknaden.

Les også: – Eitt av dei største etiske problema for vitskapen i dag

Skannar medisinar

Apparata, kalla massespektrometer, sjekkar det kjemiske innhaldet i tablettane, som vert testa mot ei database med målingar av dei ekte medikamenta.

Eigenutvikla programvare og bruk av kunstig intelligens gjer målingane svært nøyaktige. I løpet av nokre sekund kjem svaret som seier om medisinane er ekte eller ikkje.

Ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO) er opptil halvparten av medisinane i Nigeria falske. Dei er ofte heilt utan effekt, og ikkje sjeldan også direkte skadelege.

Billege i drift

Alongo jobbar no med å få prisen på måleutstyret ned, slik at fleire kan kjøpe det inn. Så langt har Alongo si gründerbedrift, RxAll, levert 25 apparat til apotek i Nigeria for utprøving.

Mange av dei er kjøpt inn av legemiddelselskapa sjølv. Med ein pris på 500 US dollar per apparat, vil det vere nok at 400 kunder vel originale framfor falske og skadelege medisinar for at legemiddelselskapa skal tene det att, seier Adebayo Alonge.

Han reknar med at programvaren og databasen vil vere deira viktigaste produkt og verdi i framtida.

– Like etter at eg vart skriven ut frå sjukehuset, bestemte eg meg for å verte farmasøyt. Det er mogeleg å avgrense salet av falske medisinar, og det er mitt største ønskje å bidra til nettopp det, seier han.

Les også: Glede og sjokk over vedtak om millionmedisin

Saka er omsett til nynorsk av Framtida.no