FpU vil ha pant på snusboksar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ønsker meir plastvit. Kvar skal ein gjere av snusboksen? Vi har allereie ei god ordning for pant av flasker i Noreg, seier formann Bjørn-Kristian Svendsrud i FpU til VG.

Han meiner kunnskapen om flaskepant kan overførast til snusboksen.

– Vi ser for oss eit lite hol på panteautomatane som vi har i dag, der ein kan skanne snusboksen og få tilbake fire kroner. Det vil vere betre for handteringa, seier Svendsrud.

Les også: Kan sopp og bakteriar løysa plastproblemet?

Snusboksar pregar kystlandskapet

Naturvernforbundet er svært positive til FpUs panteforslag.

– Snusboksar er nesten det vi ser mest av når vi er ute og ryddar langs kysten og i byar. Det er utruleg mykje av det, seier Martin Brandtzæg i Naturvernforbundet.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 12 prosent av nordmenn snusar dagleg. Nordmenn kjøper mellom 65–70 millionar snusboksar i året.

Les også reportasjen om Maria (23) som lagar kunst av plasten ho finn i strandkanten.