Forskarar trur tareoppdrett kan gjere Noreg klimanøytralt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk institutt for vassforsking (Niva) meiner at tareoppdrett kan bli den neste store næringa i Noreg, og at slike dyrkingsanlegg kan dekke område som er på storleik med Hardangervidda.

I 2017 låg tareproduksjonen i dyrkingsanlegg i Noreg på 145 tonn. Forskingsinstituttet Sintef meiner dette kan komme opp i 4 millionar tonn i 2030 og 20 millionar i 2050, skriv E24.

Seniorforskar Jorunn Skjermo sitt spesialfelt er taredyrking. Foto: Sintef

Omsetningsverdien vil då kunne komme opp i 40 milliardar kroner ifølgje ei berekning frå Sintef frå 2012.

– Eg trur eigentleg verdien kan komme på endå meir, for sidan rapporten vart laga har bruken av tare gått i retning av at ein større del går til mat og høgverdiprodukt, og ikkje til til dømes biodrivstoff som førebels har vist seg å vere for lite lønsamt til at slik produksjon har vorte starta opp, seier seniorforskar Jorunn Skjermo i Sintef.

Les også: Forskarar fôrar kyr med tang for å kutte klima-rap

Tang og tare inn i kosthaldet

I Asia har produksjon av tang og tare vore ein viktig del av kosthaldet, og forskarane trur dette vil eskalere vidare også andre stader i verda som følgje av ein aukande etterspørsel etter sunne og naturlege matvarer.

Tare kan brukast som eiga grønsak, som smaksforsterkar eller krydder i matlaging, eller som fiske- og dyrefôr i tillegg til biodrivstoff.

Sintef meiner også tareproduksjon kan bidra til å gjere Noreg klimanøytralt i framtida. Tare kan nemleg motverke klimaendringar og havforsuring ved å ta opp CO₂ og fungerer reinsande på hav som er trua av overgjødsling frå landbruk, industri og fiskeoppdrett.

Les også: Her blir fiskebæsj til grønsaker, utan utslepp

Foto: Ida Johanne Aadland